Strategiske grep for at UiB skal bety noko for folk og vise igjen i samfunnet

Denne veka blir UiBs reviderte strategi «Kunnskap som former samfunnet – Hav, Liv, Samfunn» lansert. Dette er ikkje ein ny strategi. Strategien er i hovudsak som før, men revisjonen har tydeliggjort delmåla.

Digitalisering, bærekraft og innovasjon er no eksplisitt nemnt.

Eg meiner dette er viktige endringar som gjer det klarare at UiB tek samfunnsoppdraget alvorlig. Det ligg i tittelen på strategien at forsking og utdanninga som skjer ved UiB skal bety noko for folk og vise igjen i samfunnet.

Eit av delmåla i strategien er:

«UiB skal innen 2022 være en ettertraktet kompetanseinstitusjon som har styrket sine langvarige relasjoner med omverden.»

Dette betyr at vi må vere relevante for det samfunnet som omgir oss, noko som krev meir dialog og meir samarbeid med næringsliv og andre samfunnsaktørar.

Universitetet er eit viktig kunnskapsreservoar for samfunnet, men vi skal også vere ei kritisk og kunnskapsbasert røyst i samfunnsdebatten.

Å hegne om denne rolla blir viktigare i ei postmoderne verd der alternative fakta ikkje treng å byggast på vitskapelig metode.

Når universitetet diskuterer strategi, kan det vere nyttig å reflektere over kva rolle universitetet bør ha i samfunnet, og kor viktig den rolla blir framover.

På Forskerforbundet sitt universitetspolitiske seminar tirsdag 19. mars stilte tidlegare kunnskapsminister og UiB-professor Gudmund Hernes spørsmålet:

«Vil universitetene overleve det 21.århundre?»

Hernes viste til den store suksessen universiteta har hatt dei siste hundre åra, tufta på ideala frå opplysingstida. Samstundes viste han til truslane i ei verd kor alternative sanningar er gangbar mynt og autoritære regime veks fram.

Han konkluderte overraskande med at den største ressursen universiteta har er «uvitenhet».

Overraskande fordi det å vere uvitande kan forvekslast med dumskap. Men «uvitenhet» betyr også mangel på kunnskap.

Som forskarar veit vi at det alltid er fleire spørsmål enn det er svar.

Samfunnet er inne i store endringar drive fram av ny teknologi, klimaendringar og befolkningsvekst. Skal vi sjå for oss ei bærekraftig utvikling framover vil vi trenge ny kunnskap, og korleis vi utdannar våre unge vil vere avgjerande.

Derfor treng samfunnet universitetet og universiteta treng gode strategiar.

Det er ikkje nok at vi er uvitande; vi må òg kunne hjelpe samfunnet å sjå kva som er mogleg og viktig å finne ut av. Her skal vi både legge vekt på «blue sky»-forsking etter dei store mysteria – og forsking som vil løyse nærliggande problem for samfunnet.

Akkurat no er vi i startfasen av den neste SFF-prosessen og i sluttfasen av ei rekke SFI-søknader som skal sendast inn i april. Det er bra at innovasjon kjem sterkare fram i den reviderte strategien.

Ei av våre viktigaste roller er også å tene samfunnet ved å kritisere det og ved å lære opp studentar til dette.

Å meine noko er ikkje mellom universitetet sine mange oppgåver. Dette gjev grunnlaget at alle ved universitetet kan meine det dei vil, vonleg basert på fagleg innsikt.

Takk til alle som deltek i samfunnsdebattane!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *