Det å vere med å leie ein sentral samfunnsinstitusjon som UiB er eit stort privilegium.
Det er også å få ein tillit som stiller krav til å forstå institusjonen og samfunnet vi lever i.
Vi vil alle at UiB skal gjere det best mogelig på kjerneoppgåvene forsking og utdanning. Vi vil også at UiB skal vere ei drivkraft for god samfunnsutvikling, og vi veit at UiB har mange store prosjekt som skal realiserast.
Vi veit at det kjem store endringar i UH-sektoren framover.
Konkurransen mellom institusjonar om studentar, eksternfinansiering, ressursar og innflytelse vil auke, ikkje bli mindre.
Alt dette vil påverke kvardagen vår.
Når nytt rektorat og nye dekanar skal på plass i løpet av våren er det ingen grunn til å ikkje tru at kandidatar til desse posisjonane forstår kva muligheiter og utfordringar institusjonen vil møte dei neste åra.
Så langt synes eg at det som kjem frå dei to rektorlaga er tillitsvekkande, og eg gleder meg til å følgje valkampen fram til valet startar 22. mars.
Parallelt med dette skal vi foreslå kandidatar til fakultetsstyret og universitetsstyret, og det skal tilsettast dekan ved fakultetet.
Forslagsfristen for kandidatar til universitetsstyret er 12. mars og til fakultetsstyret er fristen 23. mars.
Dette er viktige organ og det er viktig at vi får kollegaer inn i desse styra som kan arbeide for oss og institusjonen på ein god og konstruktiv måte.
Eit styre er ikkje eit organ for å fremje eigeninteresser.
Styrerepresentantar skal bidra til å utvikle institusjonen, hjelpe faglig leiing til å ta gode strategiske val og sikre at institusjonen er på rett veg.
Er du interessert i universitetspolitikk og villig til å lese sakspapir og gå i møter, er fakultetsstyret og universitetsstyret tillitsverv du bør vurdere å stille som kandidat til.
Godt val!
Nyttige lenker: