Å hegne om den akademiske fridomen

Skal vi dømme ut i frå oppmøte under Horisontdebatten sist onsdag er akademisk fridom ikkje ein truga verdi i Norge. Dette er nok også langt på veg tilfelle, samanlikna med andre deler av verda.

Etter å ha høyrt på eit særs kompetent panel, inkludert innleiinga til preses ved Det Norske  Videnskaps-Akademi, Hans Petter Graver, er eg likevel overtydd om at mange fleire hadde hatt interesse av å delta på debatten.

At så pass få dukka oppa var synd, for vi som var der fekk ein god gjennomgang av ulike sider ved kva akademisk fridom betyr, kvifor den er viktig, og kvifor den er under press.

Eg vil ikkje forsøke å gi eit referat av debatten, men konstaterer at akademisk fridom kanskje mest av alt dreier seg om at vi skal kunne ha tillit til forskinga.

Vi skal vere sikre på at vitskapen ikkje er styrt av skjulte interesser, eller forut-bestemte  mål. Vi skal også vere sikre på at det ikkje er «juks og bedrag» vi blir presentert for når vi les nye forskingsartiklar.

Ei sentral grunngjeving for at vitskap er viktig er at den aukar rasjonaliteten i samfunnet. Ein føresetnad for dét er nettopp at vi har tillit til forskinga som skaper vitskapen. Derfor er god forskings-praksis avgjerande viktig for at forskinga skal halde på den rolla og legitimiteten den har i samfunnet i dag og motverke tendensane til kunnskapsvegring.

Men forsking krev finansiering. Ikkje minst er dette opplagt for naturvitskapane, som ofte treng kostbar infrastruktur for å gjennomføre forskinga. Eit vesentlig spørsmål er kor finansieringa kjem frå, korleis finansieringa er styrt, og om vi kan vi stole på at styringa gjennom finansiering legg til rette for akademisk fridom.

I Norge er nesten all forsking offentlig finansiert (for MN-fakultet sin del dreier det seg om meir enn 80% av budsjettet). Dette skjer  hovudsaklig gjennom direkte-tildeling  frå statsbudsjettet, eller gjennom Norges forskingsråd, eller gjennom Europeiske forskingsprogram.

Ut over dette hentar fakultet inn i overkant av 10% industrifinansiering. Trond Mohns Stiftelse er også ein viktig kjelde for ekstern finansiering ved vårt fakultetet. Totalt sett, når vi reknar inn insentiv-komponentane i grunnfinansiering vår, er faktisk meir enn 2/3 av totalbudsjettet vårt resultatbasert.

Eg trur vi har god kontroll på kva motiv dei som finansierer oss har, at finansiering hovudsaklig er demokratisk styrt, og at finansieringa skjer gjennom opne arenaer. Men det ser også ut som det er ein auka vilje til å styre oss eksternt.

Det vi har sett i det siste tyder i alle fall på at forskingsrådet har langt større ambisjonar om å styre norsk forsking enn tidlegare. Dette ser vi gjennom føringar i utlysingane, gjennom policy dokument om f.eks. open forsking inkludert Plan S,  og på andre måtar.

Når vi ser diskutable praksisar i forskinga, kan det skyldast slurv og ynskje om å kutte hjørne. Det kan også vere teikn på at for mange er under eit tidspress for å levere resultat. I så fall viser det eit behov for å gje meir tid til å auke kvaliteten i det ein held på med. Men er det sikkert at samfunnet vil gi oss den tida?

Det å hegne om den akademiske fridomen, og å sikre tilliten til forskinga er kontinuerlig arbeid. Det kjem ikkje av seg sjølv, og vi taper fort omdømme og tillit når juks blir oppdaga. Derfor er det viktig at vi som kollektiv bruker tid på å reflektere rundt den akademiske fridomen.

Science has gone a long way toward helping man to free himself from the burden of hard labor; yet, science itself is not a liberator. It creates means, not goals. It is up to men to utilize those means to achieve reasonable goals.

Albert Einstein

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *