Frå skrivebordsøvingar til verkeleg krise

Sist måndag fekk fakultet den triste meldinga om at ein av våre studentar hadde omkomme i ei tragisk bilulykke i Sør Afrika.

Eit slikt bodskap er noko vi vanskelig kan vere budd på. Samstundes må ein stor institusjon som Universitetet i Bergen vere klare til å handtere slike hendingar.

Hovudoppslag i NRK kvelden 2. oktober 2018.

Ved UiB har vi planar for det meste. Til dømes har vi «beredskapsplan for studenter i utlandet».

Denne er ein del av ein overordna beredskapsplan  som skal bidra til å:

  • sikre liv og helse
  • sikre verdiar
  • ivareta ansatte, studentar og pårørande
  • ivareta intern og ekstern kommunikasjon
  • ivareta det ytre miljøet

Det er heilt nødvendig at vi har planar og system som kan trå i kraft og hjelpe oss når alvorlege hendingar skjer.

Likevel er det lang veg frå planar og «skrivebordsøvingar» til det å stå i ei verkeleg krise.

Eg opplevde sist veke at UiB gjennomførte ei profesjonell krisehandtering og støtteapparatbygging, etter at vi fekk kjennskap til omfanget av den alvorlege ulukka.

Når ein ikkje sjølv har profesjonell trening i å handtere slike situasjonar, er det trygt å vite.

I pressemeldinga UiB gjekk ut med, vart fakultetsdirektør Elisabeth Müller Lysebo og eg lista som kontaktpersonar. Eg trur verken Elisabeth eller eg var budde på det sterke medietrykket som kom.

I kva grad vi har handtert det godt, får andre avgjere. Samstundes vil eg legge til at sjølv om pressa har vore pågåande, har den vist respekt for hendinga. For oss har likevel det viktigaste vore å ta vare på studentane våre, dei pårørande, og dei etterlatne etter den omkomne.

UiB hadde ein kontaktperson for lektorstudentane i Cape Town, Ho stilte opp for dei involverte studentane med ein gong vi blei kjent med ulykka og har gjort ein formidabel jobb. Det gjorde situasjonen lettare å handtere for oss her heime.

Eg vil også takke instituttleiar på Institutt for biovitenskap  – Ørjan Totland – som på kort varsel reiste til Sør-Afrika for møte studentar og pårørande. Dette er kanskje ein del av jobben til ein instituttleiar, men Ørjan har likevel representert UiB på ein måte som det er all grunn til å rose.

Ørjan Totland, instituttleder Institutt for biologi, Institutt for biovitenskap (fra 2018)

Fredag skal vi ha minnestund for den omkomne studenten. Det reknar eg med blir ei sterk og verdig markering.

Mange av oss har born som studerer og reiser på utveksling.

Vi føler av og til uro ved det, derfor er det også lett å leve seg inn i det tragiske som no har skjedd.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *