Sosial distansering

To veker med koronakrise har snudd om på verda. Digitale undervisning, stengde bygg, heimekontor,  møter i «Teams», kriselover, og daglige oppdateringar over korleis sjukdommen utviklar seg, har gitt oss ein ny kvardag.

Når ein ser vekk frå sjukdommen og dei direkte økonomiske konsekvensane av koronasmitten, er kanskje «sosial distansering» det som er mest krevjande for oss. Derfor er det viktig at vi held kontakt og tek vare på kvarandre.

For å sette ting i perspektiv kan det av og til vere kjekt å sjå på det store bildet.

Eg kom over nettsida «worldometers» som gir ei fortløpande oppdatering av status i verda, og her var det mykje spennande informasjon, til dømes at:

  • Så langt i dag (kl. 11, søndag 29. mars) er det skrive ca. 2.9 millionar bloggpostar
  • Det er produsert 16.5 millionar bilar og 34 millionar syklar i år
  • Det er seld 85 millionar datamaskiner
  • Det er publisert ca. 650.000 nye boktitlar så langt (burde vere nok lesestoff for alle)

Dessutan:

Verda kjem nok til å bli endra av koronaviruset, og langt meir enn at det diverre ikkje blir hyttepåske på meg i år.

Men vi kan likevel alle trøste oss med at verda nok står til over påske i år også!

Eg har ikkje tenkt å bidra til bloggstatistikken dei neste vekene, men håper at alle får ei fredelig påske! Det siste bør i all fall korrekt sosial distansering bidra til.

Her er noen glimt fra Hamlagrø, påsken 2019:

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *