Ta godt i mot nye studentar

Velkommen tilbake frå det eg håper har vore ein fin – men kanskje annleis ferie.

Sjølv har eg halde meg på Vestlandet kor eg har fiska, padla og gått i fjellet – omtrent som eg pleier å gjere.

(Foto: Helge K. Dahle)

Denne veka tar vi i mot over 1000 førstesemester-studentar (faktisk har 1118 studentar takka ja til studieplass ved fakultetet).

Aldri før har så mange valt å starte å studere ved  fakultetet.

Det er både spennande og krevjande midt i korona epidemien. Vi skal sikre godt smittevern. Samstundes skal vi også ta i mot studentane på ein slik måte at dei føler seg velkomne, at dei får etablert gode nettverk, og at dei blir sosialisert inn ein god akademisk kultur.

Dei første vekene er viktige for at studentane skal oppleve Matnat som landets beste stad å studere.

Vi må alle  jobbe for at studentane blir verande hos oss og utdannar seg til gode realistar.

Dette er sjølvsagt fordi det er samfunnsoppdraget vårt. (Men det er også viktig for fakultetet sin økonomi…)

Til tross for korona og nedstenging av campus:

Vårsemesteret viste at studentane fullførte i større grad enn det vi normalt har sett.

Det er eg imponert og stolt over.

Eg veit at det er takka vere ein fantastisk innsats frå mange tilsette ved fakultetet, og studentar som ikkje har gitt opp. Vi må fortsette å gjere alt vi kan for at koronaen ikkje øydelegg for studentane, slik at dei også lykkast i haust.

I år har vi over femti faddergrupper på fakultetet.

Når de møter ei av dei, ta godt i mot dei.

Eit smil og nokre oppmuntrande ord om kor kjekt det er å sjå nye studentar blir garantert satt pris på!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *