Sommaren glitrar ikkje lenger i det fjerne

Semesteret over og mange av oss tek ferie. Det er i høgste grad velfortent.

For vårsemesteret 2020 vart på ingen måte slik vi hadde planlagt det.

«Korona tider» – kven tenkte på det då semesteret starta i januar?

No vil torsdag 12.mars 2020 – og regjeringas pressekonferanse som stengte ned landet, – gå inn i historia som eit tidskille, -før og etter pandemien.

Korona-krisa har prega heile samfunnet denne våren.

Det har tatt fram det beste i oss, og av og til ikkje så gode sider. Vi har blitt tvungne til å endre oss, og vi har greidd det.

Eg har opplevd at studentar, undervisarar, forskarar, teknisk- og administrative tilsette alle har stilt opp.

Vi har lært oss å kommunisere på nye måtar, men vi har også lært kor viktig den daglige sosiale omgangen på campus er.

Eg vil takke alle de som i vårsemesteret har stått på hovudet, og jobba døgnet rundt for at vi skulle greie å lande dette semesteret på ein god måte.

Innsatsen som er gjort har rett og slett vore fantastisk og gjer meg stolt over å arbeide ved fakultetet!

Eg vil og takke studentane som har hatt tolmod og gjennomført dette semesteret. Vi veit det ikkje har vore enkelt, men vi ser også at gjennomføringa er betre enn normalt.

Det er rett og slett imponerande.

Vi har no eit kull-2020 av ferdig utdanna kandidatar, det blir vel «korona-kullet».?

Markering av fullførte grader er etter kvart blitt ein flott tradisjon tradisjon ved UiB. Men i år blei også den seremonien spesiell og gjennomført digitalt.

Gratulerer til 2020-kullet av bachor- og masterkandidatar ved fakultetet!

Når haustsemesteret starter skal tilsette og studentane vere tilbake på campus.

Likevel må vi framleis leve i usikkerheit lenge, – til vaksinen er på plass.

Vi skal ta i mot mange nye studentar i august  og vi skal følgje strenge smittvernreglar.

Vi skal gi alle studentane eit godt læringsmiljø. Dette blir krevjande, men vi skal legge gode planar for å få det til!

Men før det skal vi ha ei lang pause.

På vegne av fakultetsleiinga vil eg ynskje alle MatNatarar ein god sommar og ein velfortent ferie!

 

“Falling in love is not at all the most stupid thing that people do,

but gravitation cannot be held responsible for it.”

— Albert Einstein

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *