Godt HMS-arbeid startar på toppen

På torsdag arrangerer fakultetet det årlig HMS-seminaret digitalt. Der er alle tilsette invitert til å delta.

Tema for seminaret er «Brukermedvirkning i arealutvikling».

Med Campus-planane for Nygårshøyden Syd, burde dette temaet bli relevant for mange i åra framover.

Kvifor er Helse, Miljø, Sikkerheit (HMS), så viktig for fakultetet?

I starten av dekanperioden min gjekk eg på UHRs dekanskole. Ei av dei som heldt foredrag der var tidligare konsernsjef i SINTEF, Unni Steinsmo.

Ho fortalte at alle leiarmøta i SINTEF starta med ein HMS-runde.

Sidan eg kjem frå eit institutt (Matematisk) kor risiko var eit lite aktuelt tema – og vi i liten grad drar på felt og tokt – var HMS ei nokså abstrakt greie for meg. Men foredraget til Steinsmo fekk meg til å tenke over at HMS er veldig viktig for vårt fakultet. Ikkje berre for dei som treng laboratorium eller drar på felt og tokt, men også for dei teoretiske faga.

For HMS dreier seg om meir enn risikovurderingar av farlig arbeid. Truleg handlar det mest om å skape eit trygt og godt arbeidsmiljø.

Vi vil at fakultetet skal vere ein attraktiv arbeidsplass der alle gleder seg til å gå på jobb. Og når det ikkje er slik, vil vi at dei som har problem skal bli sett slik at problema kan finne ei løysing.

Fakultetet har eit godt HMS-arbeid. Vi har orden i systema våre.

Eg skryt ikkje når eg seier at MatNat er eit føregangsfakultetet for HMS-arbeidet ved UiB.

Ein av tinga eg lærte av Unni Steinsmo er at godt HMS-arbeid startar på toppen. Derfor har vi nesten alltid ein HMS-runde i instituttleiarmøta ved fakultetet.

Men det er langt i frå nok.

Vi er heilt avhengige av alt det gode HMS-arbeidet som blir utført i alle avdelingane ved fakultetet, og at alle våre tilsette bidreg.

Derfor er også det årlige HMS-seminaret viktig og nyttig

Alle har krav på eit trygt og godt arbeidsmiljø, det inkluderer også det psyko-sosiale miljøet vi arbeider i.

Det siste året under Korona-epidemien viser kor vanskelig dette er.

Det er mykje som ikkje er OK når vi blir tvungne til heimekontor, og må forsake den daglige fysiske kontakten på arbeidsplassen.

Det blir gjort mykje bra for å bøte på dette.

UiB har nettopp lansert nettportalen «værgodmotdegselv». Den er spesielt retta mot studentar som slit, men med nyttige tips for alle.

Men ein ting eg gjerne skulle hatt eit godt svar på:

Kva vi skal gjere for å hjelpe dei som blir sittande einsame på hybelen eller i ei leiligheit gjennom jula?

Gode forslag mottas med takk!

 

 

 

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *