Er påstanden om at vi er ein del av den så kalla eliten, som ser med forakt og arroganse på dei som har andre bakgrunnar og verdiar enn oss sann?

Joe Biden vann det amerikanske valet, men resten er ikkje oppløftande i mine auge. Det er gode grunnar til å reflektere over sider ved det som har skjedd.

For det første er det all grunn til å stille spørsmål ved kva meiningsmålarane held på med.

Prognosane for dette valet, brexit-valet i Storbritannia, og presidentvalet i 2016, kan få ein til å lure på kva meiningsmålarane driv med.

Er det for dårlige metodar og modellar?

Eller er det andre grunnar til at målingane langt på veg synes å vere verdilause?

Samfunnsvitarane bør finne gode svar på dette spørsmålet snart. For det er farlig for eit samfunn å ikkje ha god informasjon om kva «folket» faktisk meiner og vil.

Heldigvis ser det ut som norske meiningsmålarar har betre kontroll på det dei held på med enn det vi har sett i USA.

Men enno verre er den skarpe og usaklige retorikken vi har opplevd, og splittinga som skjer i  USA og andre stader i verda.

Ein amerikansk kollega skreiv følgjande til meg for nokre veker sidan:

Here things are generally OK but strange, as you might 

imagine, given the fact that half of the country believes in bizarre 

conspiracy theories and seems to have lost touch with reality

(including those inside the White House).

I den grad dette er sant er det så klart ikkje eit godt grunnlag for ei kunnskapsbasert samfunnsutvikling.

Media og ikkje minst sosiale media, får mykje av skylda for konspirasjonsteoriar, den hatske retorikken, ekkokammer, og at vi ikkje kan føre ein anstendig diskusjon på tvers av meiningsskilnader.

Har vi i akademia også eit ansvar for at det er blitt slik?

Er påstanden om at vi er ein del av den så kalla eliten, som ser med forakt og arroganse på dei som har andre bakgrunnar og verdiar enn oss sann?

Foto: Elizaveta Kozorezova, Pexels

I forordet til «Verdens Historie – med fortiden som speil», skriv Terje Tvedt at:

«[…] Ideen om at alle mennesker vil det samme, søker de samme målene og at alle religioner og samfunn hviler på samme grunnleggende verdier, må forkastes. […]»

Kanskje vil større respekt for dei som ikkje deler våre akademiske ideal, eller synes dei er viktige, bidra til ein litt betre debatt tone?

Kanskje bør vi vere meir audmjuke når vi formidlar vitskaplige fakta, og kanskje få  meir forståing for kva forsking kan og ikkje kan bidra med?

For skal vi løyse dei verkelig store samfunnsutfordringane må vi i langt større grad enn i dag vere i stand til å ha ein dialog på tvers av ulike meiningar  og interesser.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *