Vi skal ha innovasjon og entreprenørskap inn i våre studieprogram

Dei aller fleste som er utdanna frå MatNat får gode og relevante jobbar når dei er ferdig å studere.

Fakultetet har også gode eksempel på at våre kandidatar «går foran» og skapar noko nytt.

Men vi skulle gjerne sett at fleire av våre kandidatar gjer nettopp dette.

Derfor er det kjekt å lese om tidlegare studentar som skaper si eiga framtid, slik som vi har sett eksempel på dei siste vekene.

I Dagens Næringsliv 15. oktober kan vi lese om master i fysisk oseanografi, Silje Skjelsvik, som er kåra til «årets ledestjerne». Som det står i ingressen i DN-artikkelen:

«Silje Skjelsvik (26) var klar for «noe stort» og startet like godt en egen klima-stiftelse. Nå er hun kåret til årets ledestjerne.»

Silje er ein fantastisk rollemodell for studentar ved fakultetet.

Eg har hatt gleda av å høyre Silje ved fleire anledningar, sist i samband med den digitale masterseremonien i vår, kor Silje talte på vegne av studentane. At Silje brenn for og kjem til å bidra til ei nødvendig omstilling av samfunnet vårt er eg sikker på.

Det blir spanande å følje kva Silje får til framover.

I E24 27.oktober kan vi lese om Astri Kvassnes og Jill Clausen som studerte geologi ved UiB på 90-talet. Då dei mista jobbane under oljekrisa bestemde dei seg for å bli «betonggründere» – og det ser det ut som dei har lykkast med!

I E24-artikkelen står det at:

«Betonghistorien startet på Universitetet i Bergen i 1992. De to geologistudentene møttes på studiet. Der ble de venninner og samtidig enige om at de før eller siden skulle «finne på noe kult sammen».»

Ikkje veit eg om Silje, Astri og Jill synes at utdanningane våre har lagt spesielt til rette for å bli «ledestjerne» og gründerar. Slik eg kjenner studieprogramma våre er kanskje svaret nei.

Men det jobbar vi med å endre.

Vi skal ha innovasjon og entreprenørskap inn i våre studieprogram, – og andre overførbare ferdigheiter som vi meiner er viktige for å møte eit arbeidsliv i endring.

Vi vil at alle studentar skal ha solid IKT-kompetanse, praksis i løpet av studiet, og forståing av kva berekraft betyr.

Samstundes skal vi markere og heie fram alle gode rollemodellar som fakultet har utdanna!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *