Eg er imponert over arbeidet som blir gjort på fakultetet for å halde undervisning og forsking i gang no i mørketida. Den er kanskje litt mørkare i år på grunn av pandemien. Fokuset på undervisning har vore veldig høgt, men det er også gledelig å sjå kor mange søknader fakultetet har sendt til forskingsrådet den siste månaden.
Eg vil også gratulere Institutt for geovitskap og Kjemisk institutt med HMS-pris for 2020. Nominasjonane frå institutta var så gode at juryen like godt fann ut å dele ut to prisar under fakultetet sitt HMS-seminar sist torsdag. Prisane illustrerer kor nødvendig godt HMS-arbeid har vore under epidemien.
Dei siste smittetala viser at Bergensregionen er på rett veg, og at det er håp om at samfunnet kan opne meir opp framover. Bergen kommunen forlenger likevel dei gjeldande smittevern-reglane fram til 6.desember, med mindre justeringar. Det er sikkert klokt – også å endre 5 personregelen.
Leiinga ved UiB har sagt at vi skal fullføre semesteret etter dei planane og reglane vi følgjer no. Det gjer at resten av semesteret blir føreseielig. Samstundes skal vi planlegge for mest mogeleg fysisk undervisning i vårsemesteret.
Vi må rekne med at det kjem nye smittebølger i løpet av vinteren. Lyspunktet er at vaksinane som er under utvikling, ser ut til å verke, og snart er på veg. Men sjølv om vaksinane kjem i løpet av dei neste månadane er eg sikker på at også vårsemesteret kjem til å bli eit unntak.
Mandag 23. september kom ein rapport frå ei ekspertgruppe som ha sett på ulike tiltak for å hjelpe studentane under pandemien. Rapporten er nyttig lesnad og gir oss innblikk i korleis mange studentar faktisk har det, og praktiske forslag til korleis dei kan få hjelp framover.
Til dømes seier rapporten at «Sosiale lavterskeltilbud er svært viktige for læringsmiljø og sosialt liv» og kjem samstundes med gode døme på slike tilbod. Den seier også at «Institusjonene må planlegge for å håndtere inngripende tiltak også ut vårsemesteret 2021».
Sjølv om smittetala er på vei ned, og vaksinen nærmar seg, må vi altså rekne med at dugnaden vi held på med vil vare lenge. Det slit på dei fleste av oss, spesielt no i mørketida.
Derfor bør vi ta ekstra vare på kvarandre og våre kollegaer. Ved Informatikk har dei satt i gong «December social groups», der dei vil organisere aktivitetar rundt grupper på 4 personar. Kanskje ein idé for andre?
Samstundes går altså mykje bra! Eg er imponert over innsatsen som vart gjort fram mot søknadsfristen for Senter for Framifrå Forsking eller SFF-skisser og store vitskaplege infrastrukturar 18. september. Fakultetet står som vertsinstitusjon for ti sterke skisser og åtte viktige infrastrukturar.
I tillegg sendte eit UiB-leia konsortium inn ein FME-søknad som skal forske fram gode løysingar for havvind 11.september. FME står for Forskingssenter for miljøvenleg energi.
Stor takk til alle som står på for å levere på forsking og utdanning i ei vanskelig tid. Vi kryssar fingrane for gode resultat!