Å forstå klima til nytte for samfunnet

Bjerknessenteret for klimaforsking

Mandag 30 november feira Bjerknessenteret for klimaforsking 20 år. Til glede for mange fleire enn dei som hadde hatt anledning til å møte fysisk, blei jubileumsseminaret gjennomført digitalt.

Bjerknessenteret representerer ein lang tradisjon av solid geofysisk og geofaglig forsking ved Bergen museum og det som er blitt Universitetet i Bergen. I dag er Bjerknessenteret eit flaggskip for klimaforskinga internasjonalt, og samlar sterke forskingsmiljø frå UiB, NORCE, Nansensenteret og Havforskningsinstituttet.

Bergensskolen i meteorologi er internasjonalt å rekne som den «heilage gral» innan meteorologien. Bjerknes sitt fundamentale arbeid for å forstå sirkulasjonssystema, kombinert med systematisk innsamling av observasjonar og data, la grunnlaget for moderne meteorologi og dermed daglige vêrvarsel – ei teneste Bjerknes òg var særs oppteken av og noko dei aller fleste av oss er meir enn middels interesserte i.

Vilhelm Bjerknes
Vilhelm Bjerknes grunnla moderne vêrvarsling.

Gjennom Bjerknessenteret har Bergensskolen i meteorologi fått ein verdig arvtakar. Bjerknessenteret driv ikkje berre fundamental forsking for å forstå prosessar som styrer fortidas, dagens, og framtidas klima, men «Bjerknessenterets  mål er å forstå klima til nytte for samfunnet.»

Då er det berre naturleg at vi i vår fekk tildelt eit Senter for forskingsdrevet innovasjon (SFI), Climate Futures, med utspring i Bjerknessenteret. Endringar i klima vil kunne ha store konsekvensar økonomisk og på andre måtar, for korleis vi vil leve i framtida. Dermed vil  mange viktige val vi gjer no, vere svært avhengig av at vi har forstått det framtidige klimaet godt. Det er nettopp betre forståing av klimarisiko, slik at vi kan gjere gode val, som er målet med SFI-en.

Når vi no feirar at Bjerknessenteret fyller 20 år, er det gledelig at rehabiliteringa av Geofysen er i rute, slik at vi får etablert ei fullverdig klimaklynge som også husar Nansensenteret for miljø og fjernmåling.

I samband med statsbudsjettet i haust blei det også klart at departementsfinansiering ut over 2021 er sikra. Det gjer at det er ekstra stas å markere 20 år med høg forskingskvalitet.

Vi ventar oss at Bjerknessenteret framover skal vere eit dynamisk og synleg flaggskip for klimaforsking i vår region. Vi vil at dei skal bidra  meir på fakultetets utdanning, men samstundes skal vi framleis ha høge ambisjonar for forskinga i senteret. Vi vil heller ikkje gløyme at

«Bjerknessenterets mål er å forstå klima til nytte for samfunnet».

Men aller mest vil eg på vegne av fakultetet gratulere Bjerknessenteret med alt det gode forskingsarbeidet gjennom 20 år!

allegt70_geofysisk_inst

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *