Årets opptak viser noko heilt nytt

Denne veka tek fakultetet i mot omlag 800 nye studentar. Mandag morgon fekk eg møte mange av våre nye studentar i Grieghallen.

Dette er eit privilegium dekanen har.

For meg er det viktig å formidle at UiB og fakultetet skal ta godt vare på alle studentane våre. Vi skal gjere vårt beste for at dei møter gode læringsmiljø.

I talen min til dei nye studentane sa eg mellom anna at:

Dei kommande åra håper eg blir eit møte med spennande fag og studieprogram, undervist av engasjerte lærarar ved ein av landets fremste akademiske institusjonar.

Alt tyder på at fakultetet tar i mot gode og motiverte studentar i år.

Matematikk-grunnlaget har neppe vore betre enn i år. Alle studentane har full matematikkfordjuping (R2). For fyrste gong høyrer studentane våre til den eksklusive minoriteten av elevar ved vidaregåande skule som har teke full fordjuping i matematikk.

Våre eigne utrekningar viser at poengsnittet er omlag 51. Dette er relativt høgt samanlikna med dei andre breiddefakulteta.

Analysen viser og at vi høvesvis tar opp fleire studentar som kjem direkte frå vidaregåande skule.

Vi har også ei klar dreiing mot IKT-programma ved fakultetet. Det er svært bra at den nasjonale opptrappinga av IKT-utdanningane har ført til ein solid auke av studentar i denne retninga også ved vårt fakultet.

Det mest bekymringsfulle ved årets opptak er den store nedgangen av søkarar til bio-programma.

Samstundes ser vi framleis låge opptakstall mot geofaga. Dei tradisjonelle disiplinprogramma har svak rekruttering. Derfor vil fakultetet prioritere ein heilskapleg rekrutteringsstrategi  framover.

Opptakstala til bachelorprogrammet i biovitskap er meir enn halverte frå i fjor, årsaka skuldast nok i hovudsak innføring av krav om full matematikkfordjupning frå vgs. (R2-kravet). Dette gjer at vi må kome med tiltak fram mot 2020-opptaket. Dette blir ein viktig diskusjon vi må ta dei næraste månadane.

Så må vi gratulere vår vener ved UiO som har hatt stor suksess med rekruttering til sitt nye Honours-program.

Denne sommaren har vi hatt ein debatt om denne typen utdanningssatsing retta mot ekstra motiverte studentar. Både rektor og viserektor ved UiB har signalisert at UiB vil følgje opp med vårt eige «honours-program» etter modell av UiO. Så registrerer eg at sentrale studentpolitikarar er i mot «æresprogram».

Eg trur det er på høg tid at vi i større grad legg til rette for dyktige og motiverte studentar som har kapasitet til å ta meir enn 30 studiepoeng i semesteret. Like viktig meiner eg det er å legge til rette for at studentar kan ta fag på tvers av MatNat og HF-fakultetet.

Slike program kan vere ein arena for å prøve ut nye undervisningsmetodar med tettare individuell oppfølging som òg kan komme heile studentmassen til gode.

2 thoughts on “Årets opptak viser noko heilt nytt

  1. Er det riktig å si at alle nye studenter ved MatNat har hatt full fordypning i matematikk? Studie IMØ har jo flere nye studenter uten dette, da kravet er bare REALFA. Ble ikke konklusjonen fra programevalueringen publisert i Studiekvalitetsbasen våren 2018 etterfølgt i dette tilfelle?

    Etter min mening ville det vært bra å ha krav til R2 i dette studiet også, på lik linje med andre studier. Kan jo tenkes at flere klarer å gjennomføre MAT111 første semester og man får et følgende mindre frafall fra studie. Det er min mening som engasjert 2. års student.

    1. Alle RENE realfagsprogram på UiB krever nå full matematikkfordypning for opptak. Det er imidlertid riktig at IMØ er unntatt det nye kravet. Grunnen er at IMØ formelt sett ikke er et rent realfagsprogram, men et tverrfaglig samarbeid mellom MatNat og Det samfunnsfaglige fakultet som blant annet bidrar med økonomiemner. Da er det andre regler som gjelder, selv om jeg er enig i at det rent faglig sett kan virke litt pussig at akkurat dette studieprogrammet er det eneste av programmene administrert fra MatNat som får unntak.

Legg igjen en kommentar til Martin Eide Avbryt svar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.