Vi må også kunne undervise på norsk

Realfaga inngår i  internasjonale fagtradisjonar kor engelsk er det dominerande språket. Vi er også del av ein internasjonal arbeidsmarknad slik at omlag 50 prosent av den vitskaplige staben ved fakultetet per i dag er rekruttert internasjonalt.

Det at vi er i stand til å rekruttere godt utanfor Noreg er eit mål på at vi er ein attraktiv institusjon, og dette tilfører fakultetet viktig kompetanse og mangfald.

Samstundes er det ei klar forventing om at universiteta tar vare på det norske språket.

Universitetet i Bergen har også formulert ein eigen språkpolitikk i tråd med dette. Den seier at:

«Ved Universitetet i Bergen er undervisningsspråket, administrasjonsspråket og det daglege arbeidsspråket til vanleg norsk. Som eit internasjonalt forskingsuniversitet, legg universitetet vekt på at delar av verksemda skjer på engelsk eller andre internasjonale språk. For å ta i vare desse målsetjingane og ansvaret overfor det norske og internasjonale samfunnet, har universitetet som mål å utvikle mest mogleg parallellspråkleg praksis. Det skal praktiserast godt språk både på norsk og på framandspråk.»

Det er ikkje vanskelig å sjå at målet om å ta vare på det norske språket i eit internasjonalt akademisk miljø er krevjande, og inneber ei rekke dilemma. Det dreier seg til dømes om fordeling av administrative oppgåver.

Men ikkje minst dreier det seg om å kunne gi undervisning på forståelig norsk.

Realistutvalet har fått klager frå studentar som har vanskar med å forstå forelesarar på nokre av dei obligatoriske 100-tals emna våre, enten fordi undervisar snakkar gebrokkent norsk eller snakkar på eit anna skandinavisk språk som studentane ikkje alltid forstår.

Realistutvalet ynskjer difor ei opning for bruk av engelsk undervisningsspråk i 100-tals emne i tilfelle der språket gjer førelesinga vanskeleg å forstå.

Studieseksjonen ved fakultetet sendte difor før sommarferien ut eit brev til institutta, som antyda at det er viktigare for studentane på lågare grads kurs at dei forstår undervisar, enn at det skjer på eit skandinavisk språk.

I eit høyringssvar til saka som skal drøftast i fakultetet sitt studiestyre skriv mellom anna faggruppa for matematikkdidaktikk:

[…]Studentene på det integrerte lektorprogrammet tar de nevnte 100-talls kursene. Det er viktig for disse studentene at de møter det matematiske fagstoffet på norsk (eller et annet skandinavisk språk) siden de selv skal videreformidle stoffet i norsk skole på norsk. I denne forbindelsen er det viktig at studentene lærer seg begrepsbruken og språkbruken i forklaringer, bevisførsel og beregningsmetoder på norsk […]

Eg er heilt einig i at undervisning må skje på ein slik måte at det er mogeleg for studentane å følgje med på kva som blir sagt. Eg er også heilt einig i at vi må sikre at grunnundervisninga i faga våre skjer på norsk.

Ved UiB er det eit krav om at tilsette i undervisningsstillingar skal kunne undervise på norsk i løpet av to år etter tilsetting.

Dei fleste som blir tilsett ved vårt fakultetet utan norskspråkelig bakgrunn, legg ein stor innsats inn i å lære seg norsk språk. Men det er heller ikkje grunn til å legge skjul på at norsk er eit vanskelig språk for mange innflyttarar. Derfor har vi praktisert språkkravet på ein «liberal» måte.

Den nye opprykksforskrifta kan bety at vi må følgje opp språkkravet tydlegare. Politiske signal tyder også på at krav til språkopplæring generelt for innflyttarar til det norske samfunnet vil bli større.

I tillegg kan vi i større grad vurdere utlysingar der språkkravet er eit kvalifikasjonskrav i seg sjølv. Det vil seie at den som blir tilsette må kunne undervise på norsk ved tilsetting. Dersom ei stilling er knytt til grunnundervisning vil dette vere eit saklig krav i utlysinga.

Språk er eit område som vekker kjensler fordi det er viktig for vår identitet. Språk er også kjernen i nesten all vår aktivitet. Ved UiB blir det for tida arbeidd med å utvikle nye språkpolitiske retningslinjer.

Dette arbeidet, som vil bli lagt fram i eit av dei kommande møta i Universitetsstyret, kan vi håpe vil hjelpe oss til ein god og heilskaplig språkpolitikk ved institusjonen.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *