Han har mange gode poeng: Det synes nokså meiningslaust at sektoren skal bruke 100 millionar kroner på å konkurrere om nye studentar gjennom avtaler med ulike reklamebyrå. Desse pengane burde strengt tatt blitt brukt til å utvikle gode studieprogram, forsking eller annan type formidlingsaktivitet.
Samtidig er det slik – som Kihl er inne på – at institusjonane er tvungen inn i ei marknadstenking.
Alle konkurrerer mot alle. Dei som taper i konkurransen må bygge ned aktivitet. I verste fall legg dei ned som i tilfelle Nesna.
Dette skjer fordi studentinsentiva er så sterke i finansieringsmodellen vår.
Det matematisk-naturvitskaplege fakultet vedtok i fjor å bruke omlag to millionar kroner til ein rekrutteringskampanje.
Eit viktig mål med rekrutteringskampanjen er merkevarebygging gjennom #RealfagUiB.
Vi vil at elevar som ynskjer å studere realfag og teknologi skal sjå at vårt fakultetet er eit godt val.
Jens Kihl vil at staten skal ta kontroll over rekrutteringa.
Det er eg langt på veg samd i når det gjeld direkte reklamebudsjett. Vi treng ikkje «Challenge»-kampanjar eller liknande, for å kunne utføre oppgåvene våre.
Mange politikarar har sett at andelen som tek realfag er lågare i Norge enn i andre europeiske land. Dei ser at for å holde konkurransekraft og omstillingsevna oppe, er realfaga svært sentrale.
Derfor har staten til dømes oppretta Nasjonalt senter for realfagsrekruttering.
Samstundes er det viktig å få ut god informasjon om kva vi held på med og står for lokalt.
Slik at elevane kan gjere gode val.
Eg trur at vi er dei som faktisk er best til å fortelje kva studentane kan bli og kva jobbar dei kan få med våre realfagsutdanningar. Dette er ein sentral del av eit utdanningsval.
Fakultetet har brukt store ressursar til å engasjere studentambassadørar og på andre måtar få ut informasjon om kva det vil seie å studere realfag ved UiB.
Dette bør vere ein del av institusjonane sine oppgåver.
Vi kan absolutt bli betre på det. Det er ikkje billig. Men:
Det er viktig nettopp for at dei unge skal kunne gjere gode og informerte val om framtida si!
- Les: Kjemistudent Bakary-Jang Konateh: «Mange muligheter etter kjemistudiene»
Institusjonar som UiB har lange perspektiv, men vi er nøydde til å være synlige for å trekke til oss dei beste studentane.
Kall det gjerne reklame, men eg meiner dette er skreddersydd informasjon. Hugs:
Dette handlar om mykje meir enn å påverke menneske til å velje ei type forbruksvare i staden for ei anna.