Alle konkurrerer mot alle. Dei som taper må bygge ned aktivitet

Kommentator Jens Kihl skriv om dei store reklamebudsjetta ved akademiske institusjonar i ein artikkel i Bergens Tidende den 29.april.

Han har mange gode poeng: Det synes nokså meiningslaust at sektoren skal bruke 100 millionar kroner på å konkurrere om nye studentar gjennom avtaler med ulike reklamebyrå. Desse pengane burde strengt tatt blitt brukt til å utvikle gode studieprogram, forsking eller annan type formidlingsaktivitet.

Samtidig er det slik – som Kihl er inne på – at institusjonane er tvungen inn i ei marknadstenking.

Alle konkurrerer mot alle. Dei som taper i konkurransen må bygge ned aktivitet. I verste fall legg dei ned som i tilfelle Nesna.

Dette skjer fordi studentinsentiva er så sterke i finansieringsmodellen vår.

Det matematisk-naturvitskaplege fakultet vedtok i fjor å bruke omlag to millionar kroner til ein rekrutteringskampanje.

Kampanjen må seiast å vere vellykka sidan vi har auka andelen førsteprioritetssøkarar til fakultetet gjennom Samordna opptak med 44 prosent.

Eit viktig mål med rekrutteringskampanjen er merkevarebygging gjennom #RealfagUiB.

Vi vil at elevar som ynskjer å studere realfag og teknologi skal sjå at vårt fakultetet er eit godt val.

Jens Kihl vil at staten skal ta kontroll over rekrutteringa.

Det er eg langt på veg samd i når det gjeld direkte reklamebudsjett. Vi treng ikkje «Challenge»-kampanjar eller liknande, for å kunne utføre oppgåvene våre.

Mange politikarar har sett at andelen som tek realfag er lågare i Norge enn i andre europeiske land. Dei ser at for å holde konkurransekraft og omstillingsevna oppe, er realfaga svært sentrale.

Derfor har staten til dømes oppretta Nasjonalt senter for realfagsrekruttering.

Samstundes er det viktig å få ut god informasjon om kva vi held på med og står for lokalt.

Slik at elevane kan gjere gode val.

Eg trur at vi er dei som faktisk er best til å fortelje kva studentane kan bli og kva jobbar dei kan få med våre realfagsutdanningar. Dette er ein sentral del av eit utdanningsval.

Fakultetet har brukt store ressursar til å engasjere studentambassadørar og på andre måtar få ut informasjon om kva det vil seie å studere realfag ved UiB.

Dette bør vere ein del av institusjonane sine oppgåver.

Vi kan absolutt bli betre på det. Det er ikkje billig. Men:

Det er viktig nettopp for at dei unge skal kunne gjere gode og informerte val om framtida si!

Institusjonar som UiB har lange perspektiv, men vi er nøydde til å være synlige for å trekke til oss dei beste studentane.

Kall det gjerne reklame, men eg meiner dette er skreddersydd informasjon. Hugs:

Dette handlar om mykje meir enn å påverke menneske til å velje ei type forbruksvare i staden for ei anna.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *