Mange gode ting kjem samstundes

Foto: Thor Brødreskift/UiB

Forrige veke var ei stor veke for Universitetet i Bergen.

I følgje rektor Dag Rune Olsen var opninga av Universitetsmuseet etter rehabilitering, det største som har skjedd ved UiB sidan den offisielle opninga av Universitetet i 1946.

Uansett kor høgt hendinga måtte komme på ei framtidig liste, var det stort å kunne gå gjennom dei nye samlingane med sjeldne og rare dyr (som likevel kom med).

Eg er imponert over korleis ein har greidd å halde på stemninga frå dei gamle museumssamlingane samstundes som utstillingane vert opplevd å vere moderne og aktuelle for vår tid.

Og lysspelet om kvelden var berre fantastisk flott!

(Foto: Thor Brødreskift/UiB)

Eg er sikker på at Universitetsmuseet/naturhistorisk museum blir ein populær stad å besøke for små og store bergensarar på «regnfulle høstsøndagar», slik statsminister Erna Solberg snakka om sitt «yndlingsmuseum» frå då ho var liten.

Eg er også sikker på at det nye Universitetsmuseet vil bli populært også resten av året.

Dette blir ein flott arena for rekruttering av framtidige naturvitarar og forskarar. Vi treng mange slike framover!

Tirsdag deltok eg på æresdoktorpromosjonen i Universitetets aula. Dette er ei høgtidleg og flott anledning til å heidre framståande personar med band til UiB, for deira akademiske meritter og andre viktige samfunnsbidrag.

(Foto: Thor Brødreskift/UiB)

Det var svært ærefullt å få lov å promotere Professor Anne Canteaut, som er ein verdsleiande kryptolog med sterke band til forskingsmiljøet ved Selmersenteret hos oss.

Med den store satsinga nasjonalt på IKT, og vårt eige mål om å løfte forsking og utdanning innan IKT-faga, var dette ei veldig passande tildeling.

Vi blir også daglig minna om kor sårbare IT-systema kan vere. Dette viser kor relevant aktiviteten ved både Selmersenteret og Simula@UiB er.

Tirsdag var også utdeling av undervisningsprisen ved fakultetet.

Eg vil gratulere Bjørn Tore Hjertaker med ein høgst fortent pris.

(Foto: Asbjørn Leirvåg/UiB)

Saman med gode kollegaer og god studieadministrasjon  har Bjørn Tore vore ei drivkraft i å etablere nye integrerte teknologiprogram ved fakultetet.

Etableringa av dei integrerte utdanningsprogramma våre som gir sivilingeniørtittel, bygger opp om endringane i måten vi arbeider med utdanning. Det er med å legge tydelegare fokus på relevans og innovasjon og entreprenørskap, og det bidrar til konstruktiv og god kontakt mellom akademia og næringsliv.

Som merittert undervisar, er Bjørn Tore også eit eksempel på korleis vi no i langt større grad verdset systematisk utdanningsarbeid.

Det har vore ein liten revolusjon i korleis vi ser på utdanning ved fakultetet dei siste seks åra.

Eg heier på dyktige undervisarar som Bjørn Tore, på SFU-ordninga og bioCEED og på at iEarth blir vår neste SFU.

Så heier eg på alt det gode utdanningsarbeidet ved fakultetet.

Vi jobbar godt og vi må aldri vere nøgde men stadig sette oss nye mål og ha høge ambisjonar!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *