Ny økonomimodell gir moglegheiter

Fakultetstyret  har vedteke ny økonomimodell for korleis grunntildelinga til fakultet blir fordelt til institutt og einingar. Målet med den nye modellen har vore å lage ein transparent og føreseieleg modell som mogeleg.

Alt dette gitt at vi er del av ein større statleg økonomi.

Dei fleste vil nok meine at økonomimodellen er komplisert, og ein skal ha eit nokså stort revisor-gen for å synast at det er spennande å sette seg inn i detaljane.

Men hovudtrekka er likevel enkle å forstå.

Det vi gjer er å følgje intensjonane i måten departementet  finansierer sektoren. Det betyr at vi har ein basiskomponent i modellen som er resultatuavhengig.  I tillegg kjem insentiv-komponentar som avheng av kor gode resultat vi leverer på utdanning og forsking.

Den eksternfinansierte prosjekt- økonomien ligg på utsida av modellen, men verker likevel inn i modellen gjennom resultatdelen.

I den grad økonomimodellen styrer oss faglig og strategisk, er det fordi staten vil at det skal vere slik, og at vi tek omsyn til  insentiva departementet gir oss.

Utover dette vil vi at økonomimodellen skal gi oss handlingsrom, slik at budsjettprosessen ved fakultetet blir eit verktøy for å gjennomføre vår eigen strategi.

Ny økonomimodell blir innført med verknad  frå 2020.

I det første året vil ikkje modellen gi  realøkonomiske konsekvensar ut over på arealkostnader. Gjennom arbeidet med ny modell ser vi at husleigemodellen til UiB har slått særskilt uheldig ut for dei tunge laboratoriefaga over mange år.

Vi tek omsyn til denne skeivutviklinga ved å justere for kostnader knytt til undervisningslaboratorium, og vi korrigerer med utgangspunkt i kostnadsendringa i perioden frå 2012 til i dag. Dette vil gi noko  omfordeling av midlar alt i 2020-budsjettet.

Sjølv om økonomimodellen ved fakultetet kan synast å vere abstrakt og fjern i det daglege, har likevel mange av insentiva som er innebygd, stor og direkte verknad for aktiviteten på fakultetet.

Her er nokre punkt å merke seg når vi i neste fakultetsstyremøte skal fordele vel 800 MNOK som universitetsstyret har tildelt MN i 2020:

  • Det løner seg å få studentane til å gjennomføre. Fakultetet tente 520 kr for kvart studiepoeng ein student på bachelor-nivå avla i 2018. I tillegg får vi 23 900 kr for kvar utdanna kandidat. Det vil seie at fakultetet får 117 000 kr i resultatinsentiv for kvar bachelorgrad vi utdannar.
  • Fakultetet tener vel 300 000 kr for kvar PhD-student vi utdannar.
  • Kvar krone vi henta inn på EU-prosjekt i 2018 gir oss 0,68 kroner ekstra i 2020.
  • Vi vinn 2,3 MNOK i 2020 fordi vi produserte nesten 200 fleire publikasjonspoeng i 2018 enn i 2017
  • I 2020 hentar vi inn 10,4 MNOK gjennom nye studieplassar tildelt dei siste åra.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *