Nye statsrådar og nye mogligheiter

Fredag fekk vi store utskiftingar i regjeringa då Solberg-regjering 4.0 blei presentert. Ut gjekk sju statsrådar frå FrP og inn kom seks nye, mellom anna Sveinung Rotvatn (V) som Klima- og miljøminister.

Med han får regjeringa ein tredje jurist utdanna frå UiB. Med andre ord har vi ei regjering med solid bakgrunn frå vårt universitet, ikkje minst  kan vi ta med at  statsministeren sjølv er samfunnsvitar frå UiB!

Det som bør interesser vår sektor mest er kva ny  Forsknings- og høyere utdanningsminister, Henrik Asheim (H) står for.

Kunnskapsminister Henrik Asheim (Foto: Regjeringen.no)

I BT skriv Morten Myksvoll at «[…]Når Bru og Asheim går inn, er det eit teikn på at det gror godt i Høgre.»

Det tyder på at sektoren vår har fått ein ny minister vi kan ha forventingar til.

Vi har hatt ei regjering som dei siste seks åra har hatt høgt fokus på forsking og utdanning.

Mykje av tenkinga som er presentert, mellom anna i Langtidsplan for Forskning og høyere utdanning, er det politisk konsensus om og lett å vere samd med. Det viser også tydelig kor viktig vår sektor er for utviklinga av eit bærekraftig samfunn.

Dette er fylgt opp med gode budsjett, og solid satsing på bygginfrastruktur.

Diverre må eg seie at så langt ser det ut som dei store investeringane ender opp andre stader enn i vår regionen. Då tenkjer eg på campus-utviklinga og Ocean space i Trondheim, Livsvitenskapsbygget ved UiO og ikkje minst den store campus utbygging ved NMBU.

På dette området må UiB bli flinkare til å jobbe for realisering av dei viktige prosjekta for vårt universitetet.

Ikkje minst vil realisering av eit EnTek-bygg, og rehabilitering av Realfagbygget vere viktig prosjekt for oss.

Dette er to store prosjekt som går inn i kjernen av kva Langtidsplanen ser for seg at vår sektor skal levere til eit framtidig samfunn.

Eit signal eg håper at den nye ministeren har fått med seg, er motstanden mot dei såkalla «avbyråkratiserings- og effektiviseringskutta».

Slik eg ser det vil ei vidareføring av kutta i enno større grad føre til at administrative oppgåver blir overført frå administrative stillingar til faglige.

Dette heng også saman med iveren regjeringa har hatt til å detaljstyre sektoren.

Eit eksempel er den nye opprykks- og tilsettingsforskriften, som eg har blogga om før.

Eg er samd med rektor Svein Stølen ved UiO som skriv at:

«[…]Vi trenger tillit og vi trenger en statsråd som er opptatt av de store linjene og som ser forskning, utdanning, innovasjon og samfunnsengasjement i sammenheng. Vi må stoppe direktoratiseringen av sektoren som fører til instrumentalisering og detaljoppfølging.[…]»

Regjeringa har gjort mykje bra for vår sektor.

Dette har sjølvsagt samanheng med at vi er viktige for samfunnet, og heilt nødvendige for å få til endringane som må til i åra framover.

Asheim har alt sagt at han vil utfordre sektoren på etter- og vidareutdanning (EVU):

«Jeg vil gjerne utfordre sektoren på hvordan de kan bidra til å hjelpe både næringslivet og vanlige ansatte til oppdatert kunnskap og kompetanse slik at de kan stå i jobb lengst mulig.»

Etter- og videreutdanning (EVU) er eit prioritert område både ved UiB og fakultetet.

Vi har lang tradisjon for vidareutdanning for lærarar.

Vi etablerer no kursopplegg innan IKT- og akvakultur, men vi må nok erkjenne at UiB kan bli langt betre på dette området.

Med ny statsråd på plass, blir det spennande å sjå kor lydhør han er for signala frå sektoren, og kor stort gjennomslag han får i regjeringa.

Eg håper han snarlig tar ein tur innom UiB for å lytte til kva vi har å seie!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *