Rektorvalet har fått to solide lag

Mandag sist veke kom det to kattar ut av den berømte «sekken». Då lanserte prorektor Margareth Hagen og viserektor Oddrun Samdal sine kandidatur som rektor ved UiB for den neste fireårsperioden.

Før ferien blei eg spurt av Khrono om den kommande rektorvalkampen. Då uttalte eg at  «Margareth Hagen vil vera ein utmerka kandidat». Det meiner eg framleis, men det same kan eg også seie om Oddrun.

Som dekan – dog utgåande – skal eg vere forsiktig med å ha sterke synspunkt på framtidige rektorar og den kommande valkampen. Men som leiar av MatNat-fakultetet skal eg også jobbe for fakultetet sine interesser.

Slike eg ser det er det i fakultetet sine interesser at linja som er trekt opp i UiBs strategi – Kunnskap som former samfunnet – i stor grad blir vidareført.

Med Margareth og Oddrun har vi no fått to rektorkandidatar som begge representerer kontinuitet i høve til dagens rektorat og – trur eg – strategi. Samstundes er eg sikker på at dei vil stå for endring i høve til det vi har i dag.

Nettopp kva nye visjonar dei har for UiB dei kommande åra vil det bli spennande å sjå i plattformane dei to rektorteama lanserer når dei går inn i valkampen.

I tillegg stiller begge med prorektorkandidatar frå vårt fakultetet. Margareth stiller med instituttleiar Pinar Heggernes som prorektor for utdanning og digitalisering, og Oddrun har fått med seg marin dekan Nils Gunnar Kvamstø som prorektor for forsking.

Både Pinar og Nils Gunnar er i mi leiargruppa og dei er sterke prorektorkandidatar.

Med «team Hagen» og «team Samdal» har vi fått to solide lag til det komande rektorvalet.

Eg er blitt godt kjent med og har fått stor respekt for rektorkandidatane gjennom åra eg har vore dekan på fakultetet, og eg har samarbeidd utmerka med begge.

Det burde vere ei kjent sak at eg er tilhengar av «einheitlig leiing» og tilsette leiarar i sektoren. Men når vi likevel praktiserer demokrati for å rekruttere vår øvste leiar, ser eg fram til ein spennande og god valkamp.

Eg er sikker på at både Oddrun og Margareth vil gjennomføre positive valkampar, som dreier seg om saker, og kor vi får fram dei saklige skilnadane mellom to gode kandidatar.

Så er det så klart framleis anledning for andre kandidatar som føler seg kalla til å lansere seg framover. Universitetsstyret skal visstnok også etablere ein nominasjonskomite som skal leite etter kandidatar.

Det er ikkje uvesentlig kven som blir ny rektor for UiB. Med Margareth og Oddrun har vi alt fått to gode rektorkandidatar som eg er trygg på begge vil bidra til å utvikle UiB i ein god retning i neste rektorperiode.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *