Gunn Mangerud går inn i dekanatet

Foto: UiB

I 2017 fekk MN-fakultet ansvaret for to av dei sentrale satsingsområda ved UiB.

Dette er eit ansvar vi har fått på vegne av heile UiB, og skal ta vare på så godt som mogeleg.

For å klare dette må vi ha nok kapasitet i fakultetetsleiinga til å handtere begge satsingane.

Derfor hadde eg håpa at eg kunne utvide dekanatet med Gunn Mangerud alt i 2017.

Då var Gunn ferdig som instituttleiar på Institutt for geovitskap. Men i 2017 hadde ho andre planar og ynskje om forskingstermin etter to periodar som instituttleiar.

No er forskingsterminen til Gunn snart over, og Gunn har heldigvis svart ja til å ta ei rolle i dekanatet.

Det skjer offisielt frå og med 1. januar 2019, men alt frå 1. november er ho tilbake i Bergen.

Frå det tidspunktet reknar eg med at ho etter kvart blir ein meir synleg del av leiargruppa ved fakultetet.

Gunn vil få ansvar for å følge opp satsingsområdet klima og energiomstilling, fakultetet si eiga satsing på energiforsking, og andre forskings- og utdanningssatsingar som fakultetet arbeider med.

Dette passar veldig bra med Gunn sin bakgrunn.

I 2009 blei Gunn professor i geologi ved UiB samstundes som ho gjekk inn i rolla som instituttleiar ved Geovitenskap. Men i tillegg til solid faglig bakgrunn har Gunn brei erfaring frå næringslivet gjennom ulike roller i Norsk Hydro frå 1993 til 2004. Før det hadde ho fem år som forskar i SINTEF Petroleum. Frå 2004 til 2009 var ho direktør for Senter for internasjonalisering av utdanning (SIU) (no DIKU).

I tillegg til si ordinære stilling har Gunn hatt – og har – ei rekke faglege og andre styreverv. Ho har fungert i mange råd og utval; mellom anna i Noregs forskningsråd, Uni Research, Vilvite og UiO.

Frå 1.juni i år er ho i tillegg styreleiar for Christian Michelsen Institute (CMI), og frå 1. januar blir ho medlem av Rådgivende utvalg til Bergens Forskningsstiftelse (BFS).

Gunn har vore ein markert og synleg instituttleiar ved UiB.

Ho har kompetanse og samfunnskontaktar som UiB treng å bruke aktivt.

Eg ynskjer Gunn velkomen i fakultetsleiinga, og eg ser fram til vidare samarbeid med henne.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *