Det ER positivt å ha lågt klimaavtrykk

For å vere tydeleg:

Det er eit mål i seg sjølv å ha lågt klimaavtrykk.

I På Høyden blir eg sitert på at «– Det er ikkje i seg sjølv positivt at eg har lågt klimaavtrykk.» Dette må eg vedkjenne å ha sagt.  Eg kan heller ikkje skulde På Høyden for å ha teke sitatet ut av konteksten. Men det er lett å oppfatta feil, og sitatet utrykkjer heller ikkje klart kva eg meiner.

Poenget er at målet om lågt klimaavtrykk må vegast opp mot andre mål, som til dømes at vi skal vere representert og synlig.

Det siste krev av og til at vi må reise, også med  fly. Som rektor seier til På Høyden: «… en del av mine arbeidsoppgaver er rett og slett å reise for å presentere og representere universitetet vårt overfor andre universiteter og foraer».

UiB-forskarar tek prøvar på Island. (Foto: Pandora film)

Om vi reiser nok, er synlege nok, lobbyerer slik vi bør – er det sikkert delte meiningar om. Dette er noko andre får avgjere.

Men at dette er viktige oppgåver for leiinga av både fakultetet og institusjonen UiB, slik rektor er inne på, er det ingen tvil om.

I fleire artiklar har På Høyden  og Khrono revidert universitetsleiarar i Noreg:

Bovim er mest sitert, Olsen er mest i lufta, og Stølen er mest i Oslo. Khrono skriv at Olsen har det største klimaavtrykket blant rektorane. På Høyden fylgjer opp med å skrive at «Toppleiarane på Juridisk fakultet ved UiB hadde nær fem gonger større klimaavtrykk enn dekan og direktør på Matematisk-naturvitskapeleg fakultet.»

Det er ikkje nødvendigvis underleg at dekan og direktør ved eit lite fakultetet må reise meir enn dekan og direktør ved eit større fakultetet.

Her på  MatNat har vi fire prodekanar, sju instituttleiarar, senterleiarar, avdelingsleiarar og fagdirektørar.  Med god koordinering kan vi fordele reiseaktivitet og sørge for at både fakultetet og UiB er til stades der det er nødvendig.

Nokre har også i periodar oppgåver som krev meir reising, for eksempel som medlemmer i nasjonale komitear. Eller det kan vere slik at perioden På Høyden har bedt om innsyn i reiserekningar for, ikkje er representativ for reiseaktiviteten vår. Sjølv er eg heller ikkje spesielt glad i å reise.

Uansett, alle kan bidra til lågare klimaavtrykk og bidra til eit meir berekraftig levesett.

Men korleis vi nærmar oss problemet  medfører også mange dilemma.

Leo Ajkic og Jostein Bakke tar prøver på Island. (Foto: Pandora film)

I programmet «Går jorden under» diskuterer programleiar Leo Ajkic dette med blant andre professor Jostein Bakke.

I lesarinnlegget «Vi held på med eit gigantisk eksperiment vi ikkje veit utfallet av» i Bergens Tidende 10. januar, skriv Jostein meir om si uro og kvifor vi må handle no.

Om vi skal nå to-graders målet, slik  Parisavtalen legg opp til, seier all seriøs forsking at minst 2/3 av dei kjent fossile ressursane må bli verande i bakken.

Vi veit at det må kraftfull politikk til skal det skje, og at det vil krevje lite populære individuelle val. I den grad På Høyden og Khrono sine artiklar kan få oss til å reflektere om eigne val og berekraft på ein konstruktiv måte er dei nyttige.

Viss ikkje er dei lett å oppfatte som overflatisk tabloidisering av vanskelige og viktige spørsmål.

Vi veit at det er mange dilemma i høve til klimapolitikk og berekraft som ikkje har enkle svar. Må vi til dømes ofre naturrikdom for å få til nødvendig energiomstilling?

I samband med UiB sin Berekraftkonferanse vil eit av panela drøfte dette dilemmaet («Does climate mitigation trump other concerns?»). Der håper eg det er mange som møter opp!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *