Energi, teknologi og alliansar

Det er alltid kjekt å vise fram gode fagmiljø. Onsdag sist veke besøkte Avdeling for klima, industri og teknologi  i Olje- og energidepartementet UiB og møtte forskarar som arbeider med tema relevant for departementet.

Gjennom det som nesten vart eit heildagseminar, fekk vi dekka forsking innan miljøvennlig transport, havvind, geotermi, CCUS, hydrogen, klimaprediksjon, og arbeidet med å utvikle eit senter for framifrå utdanning (SFU) i geofag kalla iEarth.

Eg trur vi fekk fram at UiB arbeider godt med å få til forsking på tvers av disiplinar og fakultetsgrenser.

No er eg kanskje inhabil i denne samanhengen, men eg trur også at vi fekk vist at UiB har solide fagmiljø på område som er viktig for landet, og som er viktig for den omstillinga vi er inne i.

Som oppfølging av dette møte har vi håp om at statsråd Kjell Børge Freiberg kjem på besøk 13. mai.

Sjølv om vi har mykje god forskingsaktivitet på energifeltet, går ikkje alt like bra.

Nyleg kom resultatet for tildelinga gjennom EnergiX-programmet.

I motsetning til for regjeringssamansetninga, ser det ut til at ein må ha adresse i Trøndelag for å nå i gjennom i dette programmet: Med eitt unntak gjekk fjorten av KPN-prosjekta til SINTEF/NTNU.

Kvifor vi sender få søknader og har lite gjennomslag i EnergiX, kan ha med prioriteringane i programmet. Men når ein ser på den totale forskingsaktiviteten utanom midtregionen, verkar det underleg at det går så lite forskingsmidlar gjennom EnergiX til andre enn NTNU og Sintef.

Uansett bør vårt fakultet jobbe med å få opp prosjektporteføljen i dette programmet.

Torsdag fekk eg nettopp sjå eit eksempel på spennande teknologi- og energiforsking som ikkje er lokalisert til Trøndelag.

Då var eg på besøk ved Universitet i Agder (UiA) samen med prodekan Anne Marit Blokhus, instituttleiar Øyvind Frette, og teknologidirektør Kristin Flornes ved NORCE.

UiA har etablert eit Center for Artificial Intelligence Research (CAIR) og Centre for Coastal Research (CCR) som to av sine toppsatsingar.

I tillegg er mekatronikk etablert som eigen fagdisiplin og toppsatsing ved UiA, og dei har eit senter for forskingsdriven innovasjon (SFI) på dette området.

Eg er sikker på at vi har mykje å tene på å samarbeide med desse miljøa.

Det har vi alt fått til gjennom samarbeid om havvind i NORCOWE.

For nokre veker sidan skreiv eg at etableringa av NORCE legg til rette for eit godt forskingssamarbeid langs kysten. Det meiner eg enno sterkare etter å ha besøkt UiA.

Det som likevel imponerte meg mest torsdag var omvisinga vi fekk på mekatronikk-laben som er utvikla ved UiA.

Den forskings- og utviklingsaktiviteten dei held på med retta mot robotisering av næringslivet kjem til å gi Agder-regionen eit enormt fortrinn framover.

Her er det berre å lære, kopier og skape alliansar!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *