Kunnskap som former samfunnet

UiB og fakultetet har etter mitt syn aktive strategidokument, som har gitt klar retning for kor institusjonen skal bevege oss.  Det er desse dokumenta  vi styrer etter, og det er dei som legg føringar når vi legg budsjett.

Dei som vil vite kva UiB og fakultetet vil og kva retning vi beveger oss mot, bør difor lese desse dokumenta. Men aktive dokument krev revisjonar, utan at ein nødvendigvis endrar hovudmåla.

UiB vedtok i fjor revidert strategi med tittel «Kunnskap som former samfunnet». Gjennom revisjonen har institusjonen teke innover seg viktige endringar sidan strategien trådde i kraft i 2016. Til dømes at vi har fått eit stort instituttselskap NORCE, at vi ønskjer å spele ei viktig rolle for å realisere FNs berekraftsmål og at nasjonale prioriteringar viser at IKT og digitalisering er blitt langt viktigare.

Sjølv om hovudmåla og satsingsområda ligg fast i den reviderte strategien, er det substansielle endringar for mål og tiltak tydeliggjort gjennom revisjonen.

I fjor vedtok fakultetet reviderte tiltaksplanar knytt til MN-strategien, og i fakultetsstyremøte 5. februar vil forslag til revidert strategi for fakultetet stå på sakslista. Arbeidet med ny strategi har vore gjennomført i instituttleiargruppa. I tillegg blei det gjennomført eit opent innspelsmøte i haust.

Når utkastet til revidert strategi no er lagt ut på  nettsidene til fakultetet, er det mogeleg å gi innspel til revisjonen gjennom instituttleiarane, fakultetsstyrerepresentantane, og direkte til fakultetssleiinga.

Men det er ikkje berre UiB sentralt og  fakultetet som har arbeidd med strategi. Realistutvalget ved fakultetet vedtok i sist veke eigen strategi – «Studenter som former samfunnet»! Det at studentane har tydelige mål og utfordrar fakultetet er veldig bra. Eg har lest dokumentet grundig, og vil skryte av arbeidet Realistutvalget har gjennomført.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *