Det viktigaste for fakultetet i 2020

Sjølv om vi har passert 13.januar tillet eg meg å ynskje alle ved fakultetet eit godt nytt år!

Eit stykke  inn i vårsemesteret 2020 håper eg nye muligheiter opnar seg – og nye utfordringar:

Vekst i eksternfinansiering for å nå våre faglige mål blir eit av hovudmåla for fakultetsleiinga i 2020.

Like før jul fekk vi resultata frå Forskingsrådets første fellesfrist for alle forskarprosjekt . Dette gav nedslåande resultat for UiB, noko den kulørte universitetspressa har fortalt oss med klare ordelag. For fakultetet sin del var resultata sånn måtelig bra.

Takka vere gode resultat ved Institutt for fysikk og teknologi, som inkluderte to gledelige tildelingar til unge forskartalent samt eit FRIPRO-prosjekt til Hans Munthe-Kaas ved Matematisk institutt, redda vi sånn nokolunde æra. Gratulerer til dei åtte prosjekta som nådde gjennom nålauget og fekk finansiering! Gratulerer også til dei tre kompetanse- og samarbeidsprosjekta som fekk tildeling i desember, innan sentrale tema som klima og energi.

Birkelandsenteret, eit av miljøa som gjorde det svært godt i tildelinga frå Forskingsrådet, kan  også smykke seg med å pryde framsida i Science med eit terrestrisk gamma-glimt, noko som også har nådd framsida til UiBs nettsider. Dette viser samanhengen mellom god forsking og utteljing i prestisjefylte forskingsprogram.

Verken UiB eller fakultetet kan likevel seie seg nøgd med årets tildeling. Framover skal vi jobbe systematisk for å lukkast hjå Forskingsrådet og andre finansieringskjelder. Slik sikrar vi at vi ikkje blir hengande etter våre viktigaste konkurrentar. Men i år må vi nesten gratulere UiO med å ta storeslem.

Vi veit at utteljing på eksternfinansierte prosjekt er ein nøkkel for å nå våre faglege ambisjonar, og skal vi lukkast treng vi  systematisk og langsiktig arbeid. Difor er auka ekstern finansiering eit tydelig mål når fakultetet i løpet av vårsemesteret skal vedta revidert strategi. Det betyr også at vi må sette av strategiske midlar i budsjetta framover for å stimulerer til dette.

I årets budsjett har vi satt av 4 millionar kroner til SFF-satsing, karrierebygging for yngre forskarar. Vi har òg sagt at EU-prosjekt der vi er koordinator vil få tilført ekstra rekrutteringsstilling. I tillegg kjem ei rekke andre tiltak ved fakultetet og UiB som skal stimulere til auka eksternfinansiert aktivitet.

Vekst i eksternfinansiering for å nå våre faglige mål blir altså noko av det aller viktigaste for fakultetsleiinga i 2020. Auka studentrekruttering og gjennomføring er eit anna hovudmål. Dette, og mange andre saker skal vi bruke denne bloggen til å skrive om i året som kjem.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *