For mange er gleda av å nærme oss normaltilstand stor. Heimekontor, videomøter og mangel på sosial kontakt tærer fort på humøret.
Derfor kjennes det som ei lette å kunne gå tilbake på kontoret og fysisk igjen møte kollegaer og andre tilsette på UiB.
Slik vi søndag feira 17. mai håper eg blir eit unntak vi aldri får oppleve igjen – sjølv om feiringa for min del var fin den.
Og for dei som sakna «Ja vi elsker», «Nystemten», og rektor på Museplass kl. 7:30 den 17. mai, var det fullt mulig å oppleve det digitalt!
Samstundes vil det heilt sikkert ta mange år før vi er ferdig med Korona-pandemien.
På kort sikt skal vi alle følgje eit strengt smittevernregime. Det får praktiske konsekvensar for kven, og kor mange som til ei kvar tid er på campus.
Til dømes er det framleis slik at alle som er arbeidsføre, men har sjukdomssymptom, skal nytte heimekontor. Vi skal også i minst mogeleg grad belaste offentlig transport, noko som fort har konsekvensar for mange.
Oppdaterte retningslinjer for tilgang til bygg finn du under UiBs koronasider. I tillegg vil det vere lokale tilpassingar til retningslinjene ved dei ulike institutt og einingar ved fakultetet.
Dei fleste av oss ynskjer klare og føreseielige retningslinjer. Det er lett og forstå, fordi det gjer det så mykje enklare å planlegge liva våre. Problemet er at epidemien ikkje er føreseielig, og slappar vi for mykje av kjem den til å blusse opp igjen.
Dei nærmaste månadane og kanskje år, inntil vi har utvikla flokkimmunitet eller fått utvikla vaksine, kjem smittetalet R langt på veg til å styre korleis vi må opptre. Nærmar smittetalet seg 1, kjem det garantert strengare tiltak frå styresmaktene.
I dekanmøte mandag 11.05 diskuterte vi undervisning i haustsemesteret.
I møte sa viserektor Oddrun Samdal at vi må planlegge slik at «Fysisk undervisning skal understøtte digital undervisning». I møte reagerte eg på dette fordi eg meiner det må vere omvendt.
I ettertid ser eg at med fare for ny oppblomstring av smitte, og mogeleg ny avstenging av campus kan det vere klokt å følgje Oddrun sitt forslag:
Vi kan fort oppleve å igjen måtte gjennomføre all undervisning på digitale plattformer.
Då er det like greitt å vere førebudd på dét.