Å vitse må vere lov

Foto: Eivind Senneset, UiB

Er studentane blitt så lettkrenka at underviser ikkje lenger kan fortelle vitsar? Spørsmålet er blitt heftig debattert etter ein tyskarvits ved Det psykologiske fakultetet, som så langt har kosta UiB 10.000 kroner og ikkje så reint lite negativ medieomtale.

Sist ute er Eirin Eikefjord som slaktar UiB si handtering av saka i ein kommentarartikkel i BT 18. august. Den 19. august blei vitsesaka debattert i Dagsnytt 18.

Saka dukka opp etter at ein student følte seg krenka under ei forelesing, og klaga gjennom UiB sitt «Si fra»system. Utan å meine noko spesielt om den konkrete saka, som eg berre kjenner frå medieomtale, er det all grunn til å stille spørsmål ved om takhøgda for meiningar, inkludert humor, er blitt for låg innan akademia. Det håper eg er kjernen i diskusjonen om tyskarvitsen.

Sentrale verdiar i akademia er toleranse og open meiningsbryting.

Krav om «safe spaces», «no platforming», og at argument, debatt og humor blir møtt med påstandar om krenking og trakassering, er symptom på eit universitetssamfunn på feil veg.

Det å snevre inn rommet for kva som er akseptable ytringar er ikkje bra for eit universitet. Eg opplever at både statsråd og universitetsleiinga har vore tydelig på at det ikkje er dit vi vil.

Men ingen, aller minst studentane våre, skal akseptere reell trakassering eller mobbing. Nettopp derfor treng vi system som gjer det mogeleg for studentar å melde frå om positive og – ikkje minst – negative hendingar på ein trygg måte.

UiB har etablert «Si fra»-ordninga for å ta vare på studentane sine interesser. Men vi har også andre system, som til dømes Studentombodet.

Etter den aktuelle «krenkesaka» bør kanskje UiB vurdere om «Si fra»-systemet tener målsettinga.

Det er ikkje bra om systemet legg til rette for meiningspoliti. Vi er heller ikkje tent med eit system der alle saker nokon synes skal vere raude får eit offisielt stempel og blir blåst opp i media.

Det bidrar til å skjerpe snarare enn å løyse konfliktar. I det lange løp risikerer vi at alvorlige saker går under radaren, og at vi ikkje lenger tør å ytre oss fritt.

For eigen del – og sikkert også for fleire av mine kollegaer som var studentar på 80-talet – kan det likevel vere nyttig å reflektere over kva som var humor då vi var studentar, og kva som kanskje berre er dumt å lire av seg i dag.

Grensa mellom kva som er ein dårlig spøk og trakassering kan av og til vere uklar. Avsendar har alltid eit hovudansvar for kva som blir formidla, men mottakar har også eit ansvar for ikkje å ta alt i verste meining.

Som oftast er ein teit vits berre teit, og om naudsynt kan ei orsaking vere på sin plass.

God kommunikasjon krev ein felles grunn og gjensidig respekt, ikkje minst gjeld det i relasjonen mellom student og undervisar.

Kommunikasjon blir heller ikkje god av å vere humørlaus.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *