Skal vi bruke tid på kontroll eller utdanning?

Eg veit ikkje om  det komande stortingsvalet er grunnen til at regjering og departement er så pass opptatt av sektoren vår for tida.

I alle fall er det i løpet av det siste året arbeidd med ei rekke stortingsmeldingar og nytt lovverk for sektoren vår.

No er det ikkje slik at mykje støy nødvendigvis fører til store endringar. Til dømes har det vore ein omfattande  prosess om ny lov om universitet og høgskular.

No ser det ut som regjeringa forslår mindre endringar i gjeldande lovverk, og at dei vil sjå nytt lovverk i samanheng med styringsmeldinga og meldinga om arbeidslivsrelevans.

I styringsmeldinga står det at:

«[…]Regjeringen ser oppfølgingen av utvalgets forslag i sammenheng med blant annet denne meldingen og stortingsmeldingen om arbeidslivsrelevans. Regjeringen vil derfor arbeide videre med utvalgets forslag og andre endringer som bør vurderes, og komme tilbake til Stortinget med forslag til en ny lov om universiteter og høyskoler på et senere tidspunkt.[…]»

 Det betyr at nytt lovverk skal handsamast  av ei ny regjering med mogeleg andre prioriteringar enn dagens. Kva det betyr er vanskelig å vite…

Stortinget skal likevel handsame ein del justeringar i lovverket i løpet av våren.

Dei viktigaste forslaga til endringar til dagens lov er – slik eg ser det:

  • [Formål og oppgaver] § 1 – 1 d) bidra til en miljømessig, sosialt og økonomisk, bærekraftig utvikling
  • [Utdanning] § 3-9 To sensorer også på lavere grads eksamen
  • [Styring og leiing] § 6-4 Hjemmel for å åremålsansette administrerende direktør er tatt ut

Det første kulepunktet vil gi universitet og høgskular eit eksplisitt ansvar for å bidra til ei bærekraftig samfunnsutvikling, noko mange av oss lenge har meint alt har vore ein del av samfunnsoppdraget vårt.

Det andre kulepunktet er lobbyert inn av studentar som er meir opptekne av rettigheiter enn kva dei lærer.

Blir dette vedteke – noko Stortinget sannsynlegvis kjem til å gjere – vil det skyve ressursar og tidsbruk frå å gi utdanning til meir kontroll.

Det vil også verke mot utvikling av nye læringsformer, kor formativ vurdering  er sentralt. Dei fleste institusjonane, med unntak av UiS, har vore negative til dette forslaget.

Det siste kulepunktet er eit uventa forslag, for det har – så vidt eg har registrert – ikkje vore oppe i debatten før.

Prinsipielt meiner eg at viktige leiarstillingar, som til dømes universitetsdirektør, bør vere på åremål, slik det er ved UiB i dag. Eg håper Stortinget stoppar dette forslaget.

I tillegg blir det foreslått at alle tilsette skal ha lik stemmevekt ved val til rektor – noko eg tipper alle våre dyktige teknisk-administrative synes er heilt på sin plass!

Det at regjeringa utset forslag  til ny lov om universitets og høgskular, meiner eg er ei klok avgjerd.

Styringsmeldinga gir ei god analyse av styringstrykket i sektoren vår, og korleis reglar, mål og verkemiddel dreg i ulike retningar.

Kanskje ein skal vere tydelig på kva hovudprioriteringane er før ein meislar ut eitt nytt lovverk?

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *