Aldersgruppa under 30 år bør vaksine-prioriterast

Dei fleste av oss skimtar ein slutt på pandemien.

Kor fort vi er tilbake til «normalen» avheng sjølvsagt av at vaksineringa ikkje blir vesentlig forseinka.

Men håpet lever i alle fall sterkt hos meg om at vi kan omgåast utan sosial distansering  når hausten startar.

Men – altså – vi har i det siste sett at vaksiner blir stoppa fordi dei kan gi alvorlege biverknader. Vi kan heller ikkje vere trygge på produksjonslinjene og logistikken, og at vaksinane ikkje blir levert som planlagt. Det betyr fort at vaksinasjonsprogrammet blir forseinka med månader i høve til dagens plan.

Koronakommisjonen har nyleg levert sin rapport. Ifølge BT er dei bekymra for dei ferske studentane. BT skriv for eksempel at:

«Én av fem studenter ved UiB oppgir at konsekvensene av korona­pandemien påvirker dem så mye at de seriøst vurderer å slutte på studiene.»

 I rapporten til Koronakommisjonen står det at:

«Barn og unge bærer en stor byrde under pandemien, og konsekvensene kan vise seg å vare utover i livsløpet til dem som er unge i dag.» (s.28)

Ein alvorleg ting er den personlege kostnaden ein student som sluttar må bære resten av livet, men i tillegg kjem dei langsiktige samfunnskostnadane av at fleire kull studentar ikkje får den utdanninga dei har krav på.

Dersom mellom 10 og 20 prosent av studentane gir opp studiane sine, vil dette påføre samfunnet og einskildpersonar store kostnader.

Konsekvensane er alvorlege.

Leier av Holden-utvalget, Steinar Holden, vil både  skeivfordele vaksiner og prioritere annleis når han blir spurt av nrk.no.  Professor i medisinsk etikk, Ole Frithjof Norheim, er eksplisitt på at dei under 30 bør skyvast fram i vaksinekøen når eldre og dei med ekstra risikofaktorar er ferdigvaksinerte.

Grunngjevinga er den store belastninga denne gruppa har tatt under pandemien.

Eg har ikkje problem med å slutte meg til dei som meiner at yngre må få høgare prioritet i vaksinekøa.

Skal vi få eit tilnærma normalt haustsemester må studentane vere vaksinerte i august.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *