Læringssenteret i Realfagbygget opna

Torsdag 22. mars blei det nye læringssenteret i Realfagbygget høgtidelig opna av rektor Dag Rune Olsen.

 

Arbeidet med å få erstatta den store lesesalen i bygget, «Hangaren», med lyse og attraktive løysingar, har halde på sidan i sommar. Dette er blitt eit stort løft for Realfagbygget og fakultetet.

Samstundes med etablering av læringssenteret er hovudinngangen i dette flotte bygget tilbakeført til der det opphaveleg var tenkt, nemlig i sørenden. Vi har også fått ei fått eit nytt og attraktivt tilbod gjennom «Real Kaffebar» som del av totalkonseptet.

Ideen om eit læringssenteret i Hangaren oppsto for nesten 10 år sidan i dialog mellom dåverande direktør  for Universitetsbiblioteket Randi Taxt, og fakultetsdirektør Bjørn Åge Tømmerås. Bjørn Åge er også den som har ført dette fram til realisering, saman med studentar, Universitetsbiblioteket, og Eigedomsavdelinga ved UiB.

Visjonen bak læringssenteret har vore å skape eit godt og framtidsretta læringsmiljø for våre studentar. Under dette ligg at vi skal kunne tilby gode og varierte studentarbeidsplassar, og tidsriktige bibliotektenester i eit inspirerande miljø.

Det vi har fått til no er eit godt eksempel på korleis vi framover kan tenke konsept for areal og læringsmiljø. Vi går bort frå rigide lesesalar til fleksible areal der ein legg vekt på gode møteplasser, som legg til rette for læring og nyskaping.

Litt av poenget er at vi vil at det skal vere attraktivt for studentar å vere på campus, også når det ikkje er nødvendig å vere her, for eksempel på kveldstid. Då er ikkje tradisjonelle lesesalar og tomme korridorar det som skal til.

Eit anna poeng er at areala skal vere fleksible slik at dei kan tilpassast dei behova brukarane til ei kvar tid måtte ha. Eg er sikker på at areala i læringssenteret om få år vil sjå annleis ut enn det vi ser no.

Målet er altså å skape uformelle møteplassar, for både studentar og tilsette. Håpet er at dette skal bidra til å initiere ny idear, nye relasjonar, kanskje litt meir konstruktivt kaos, og ikkje minst skape meir læring.

Med dette vil eg gratulere oss alle med det nye læringssenteret, og ynskje studentar og tilsette ved fakultet ei god påske!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *