Masterseremonien bygger sterkare band

Den viktigaste kunnskapsoverføringa mellom universitets- og høgskuleinstitusjonane og samfunnet skjer gjennom dei kandidatane vi utdannar. Difor er det umåtelig kjekt når vi lykkast i dette oppdraget!

Dei siste månadane har mange av våre masterkandidatar streva med siste innspurt mot innlevering av oppgåva, og det å lese seg opp til siste eksamen. For mange er dette slutten på fem år som student ved UiB, – ja endå til atten år som elev og student, – dersom vi tek med grunnskulen og vidaregåande utdanning.

Ikkje rart at dei pyntar seg i bunad og stasklede når dette skal markerast!

Eg har delteke på to masterseremoniar dei siste vekene. Først for UiB sine nye lektor- og PPU-kandidatar, og deretter markeringa av masterkandidatane ved vårt eige fakultetet.

Masterseremonien 2018

Begge har vore strålande arrangement.

Masterseremoniane har etterkvart utvikla seg til å bli ein flott tradisjon ved UiB, der vi som institusjon feirar avslutninga av eit femårig studium saman med kandidatane og deira vener, familie og rettleiarar.

Gjennom seremonien bygger vi sterkare band mellom våre nye alumni og institusjonen.

Samstundes gir dette oss anledning til å vise fram breidda i kva vi held på med. Eg vil tru fleire enn eg følgde nøye med på oppgåvetitlane som vart vist på veggen bak kandidatane, etterkvart som namna vart leste opp under seremonien. Det var mange interessante tema å notere seg der.

Dei nyutdanna kandidatane er ambassadørar for fakultetet når dei går ut i samfunnet.

Masterseremonien 2018

Då er det viktig kva verdiar og kompetansar vi har lagt til rette for at dei kan tileigna seg gjennom eit langt studium.

Vårt konkurransefortrinn er forskingsbasert utdanning. Difor er det sjølvsagt at våre kandidatar har solid fagkunnskap. Men vi vil også at våre kandidatar skal ha tileigna seg andre kompetansar. Meldinga frå dei framtidige arbeidsgjevarane deira er at dette er viktig – og blir enda viktigare framover.

For første gong delte vi ut diplom til dei nye masterkandidatane der vi nettopp formulerte kva vi vil at dei skal ha tileigna seg i løpet av eit langt studium:

Masterseremonien 2018

Gjennom mastergraden har du tileigna deg:

  • Omfattande kunnskap innan ei fagleg spesialisering
  • Evne til å formidle forskingsresultat på ein vitskapleg måte
  • Evne til å formidle eigne resultat og teoriar
  • Evne til å utvikle ny kunnskap
  • Evne til analytisk og kritisk arbeid
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert
  • Gode samarbeidsevner

 Det er all grunn til å ynskje våre nyutdanna kandidatar lykke til vidare i karrieren.

Når semesteret no lakkar mot slutten vil eg også ynskje alle MatNat-arar god ferie!

Masterseremonien 2018

Masterseremonien 2018

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *