Så fortent, så fortent!

Professor Eystein Jansen er ein av Universitetet i Bergen sine mest meritterte forskarar. Han er også ein av dei fremste institusjonsbyggarane eg kjenner.

Difor er det veldig gledeleg og fortent at Eystein blei tildelt Meltzersfondets ærespris ved årets Meltzermiddag fredag 8. mars.

Eystein Jansen (til høyre) er tildelt Meltzers ærespris. Prisen ble overrakt av rektor Dag Rune Olsen. (Foto: Thor Brødreskift, UiB)

På Meltzerfondets heimeside står det at «Prisen tildeles for fremragende vitenskapelig virksomhet ved Universitetet i Bergen».  Det går ofte meir enn fem år mellom kvar utdeling, så det vert ikkje sløsa med denne heideren.

Sidan 1995 har Gunnar Skirbekk (1995), Holger Ursin (2003), Kari Wærness (2008) og Kenneth Hugdahl (2013) motteke prisen. Denne rekka borger for statusen æresprisen har ved UiB.

Eystein tok PhD-graden i 1984 og blei professor i marin geologi og paleoklima ved Institutt for geovitenskap i 1993. Som professor ved geovitskap tok Eystein initiativ til å samle klimaforskingsmiljøa i Bergen. Dette førte fram til at UiB fekk eit av dei første nasjonale Sentre for framifrå forsking (SFF): Bjerknessenteret for klimaforsking. Eystein leia Bjerknessenteret i heile SFF-perioden frå 2002-2012.

På mange måtar var etableringa av Bjerknessenteret ei vidareføring av dei stolte tradisjonane i paleoklimaforsking ved Institutt for geovitskap, i tillegg til Bergensskolen i meteorologi, som Vilhelm Bjerknes og kollegaer etablerte på 1920-tallet i det nyoppretta Geofysisk institutt i dåverande Bergens Museum.

Internasjonalt er Eystein etablert som ein verdsleiande forskar innan klima og paleoklima.

Han har hatt ei sentral rolle i FN sitt klimapanel (IPCC) , mellom anna som medforfattar for den fjerde og femte hovudrapporten frå panelet.

Som forskar og forskingsleiar er Eystein kjenneteikna av eit sterkt tverrfagleg perspektiv. Dei seinare åra har han hatt ei viktig rolle i å utvikle tverrfagleg forsking på klima og energiomstilling ved UiB. I 2016 var dette medverkande til at Senter for klima og energiomstilling (CET) blei etablert ved SV-fakultetet med eigen post på statsbudsjettet.

Eystein bidrog også tungt til at UiB i 2017 fekk tildelt eit tverrfaglig SFF-senter ved HF-fakultetet. I Centre for Early Sapiens Behaviour, som fører arkeologi og klimaforsking saman, er Eystein nestleiar.

Ei anna side ved Eystein er hans unike evne til å inspirere og motivere yngre forskarar og kollegaer. Han har støtta fleire kandidatar som har fått prestisjefylte ERC- og BFS-prosjekt.

Sjølv kjenner eg Eystein som ein raus, idérik og verdifull diskusjonspartnar og rådgjevar i viktige forskingspolitiske saker for fakultetet.

Ynskje om å arbeide til beste for institusjonen og samfunnet trur eg også kjem fram gjennom at han har påtatt seg å leie Bergenshuben av Academia Europaea.

Eystein har høg standing blant norska geologar, og i januar i år fekk han  Brøgger-prisen frå Norsk geologisk forening.

Tildelinga av Meltzerfondet sin ærespris er ei særs fortent tildeling til professor Eystein Jansen for framifrå vitskapleg arbeid og institusjonsbygging ved Universitetet i Bergen.

Og i gleda over Eystein Jansen skal vi legge til at Selina Våge blei tildelt  Meltzerfondets pris for yngre forskere under årets Meltzermiddag.

Det er godt å kunne glede seg samstundes over gamle lyssterke stjerner og nye stjerner som tennast!

Selina Våge og Adrian Drazic mottok Meltzerprisen for yngre forskere og Hans F. Marthinussen (t.h) mottok Meltzers formidlingspris. (Foto: Institutt for geovitenskap)

I desember fekk Selina det som no heiter TMS Starting grant, noko eg skreiv om då.

Selina er utvilsamt eit av dei store forskartalenta ved fakultetet og ein verdig mottakar av prisen for yngre forskarar.

På vegne av fakultetet er det veldig kjekt å kunne gratulere både Eystein og Selina med Meltzerprisane!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *