Nyttig matematikk

Torsdag blei årets Abelprisvinnar Karen Uhlenbeck heidra i Bergen.

Abelprisvinner Karen Uhlenbeck og professor Hans Z. Munthe-Kaas. (Foto: Jens Helleland Ådnanes)

Dagen starta i Botanisk hage på Milde der Uhlenbeck hadde stor glede av å møte elevar frå grunnskulen. Samstundes viste ho tydelig at det same ikkje gjaldt journalistar.

Då journalisten spurte:

«Korleis var det å utforska hagen med elevane», svarte ho «No tok dei vekk ungane, og gav meg ein journalist i staden! 

Svaret er at dei var meir morosame å vera med enn han som stilte meg spørsmål.»

Det vart eit flott arrangement i Botanisk hage på Milde. Entusiastiske elevar og Abelprisvinnaren som utforska spennande og praktiske matematikkproblem.

Eg anbefaler alle å ta ein tur til Botanisk hage, for å forsøke å finne vegen ut av labyrinten som professor Hans Z. Munthe-Kaas har laga etter matematiske prinsipp.

Labyrinten til Munthe-Kaas er imponerende. (Foto: Jens Helleland Ådnanes)

Karen Uhlenbeck har gjort store og viktige bidrag til matematikken, som også har djup tyding for teoretisk fysikk og korleis vi forstår verda.

I Abelforelesinga i Nash-auditoriet i Vilvite seinare på dagen, trakk ho linjer frå gresk filosofi, via utviklinga av variasjonsprinsipp i klassisk mekanikk, til hennar eigne bidrag innan differensialgeometri.

Eit fullstappa auditorium av unge og gamle matematikknerdar fekk ei fantastisk oppleving, – og gav henne stor applaus.

Eg er både stolt og glad over at så mange har interesse for eit vanskelig tilgjengelig fag, og at dei viser respekt for ein intellektuell gigant som Karen Uhlenbeck utvilsamt er.

Etter forelesinga fekk Uhlenbeck spørsmålet frå salen om ikkje matematikarar og teoretiske fysikarar burde snakke meir saman.

Dette avviste Uhlenbeck med at teoretiske fysikarar og matematikarar snakkar godt saman. Men ho la til at ho gjerne skulle ha sett at matematikken bidrog meir til forståing av økologi og biologi.

Ho sa også at ho gjerne sjølv skulle ha jobba med biologi- og miljøorientert matematikk, om ho hadde starta karrieren i dag.

Svaret viser at ho er eit samfunnsengasjert menneske,  opptatt av viktige spørsmål som miljø, klima og overbefolkning.

Eg var så heldig at eg fekk vere med heile dagen, og hadde Abelprisvinnaren til bords under middagen i Knut Fægris hus på kvelden.

Under middagen kommenterte ho igjen kor viktig det er at matematikken kan bidra positivt til samfunnet.

Abelprisen er med å formidle kor viktig matematikken er for samfunnet.

Samstundes blir ein ekstra glad når ein møter unike rollemodellar som Karen Uhlenbeck, som nettopp greier å vise at matematikk er nyttig.

Karen Uhlenbeck hadde stor glede av å møte elevar frå grunnskulen. (Foto: Jens Helleland Ådnanes)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *