For meg er utdanningsarbeidet ved fakultetet noko av det viktigaste vi held på med

Kommande torsdag feirar fakultetet våre nye kandidatar gjennom bachelor- og masterseremoniar. Gleda over å sjå ferdig utdanna kandidatar minner oss om kor viktig utdanningsarbeidet er – og at vi leverer gode studieprogram.

(Foto: Thor Brødreskift)

Masterseremonien er alt blitt ein tradisjon og ei høgtidleg avslutting av fem år med universitetsstudium. I fjor var universitetet sin aula fullpakka av kandidatar, veiledarar og stolte foreldre i festklede og bunad.

Bachelorseremonien held vi for fyrste gong i år. Det skal bli spennande å sjå om den etter kvart får same status som masterseremonien.

At vi feirar at våre studentar har oppnådd sine grader er både naturlig og rett. Ei universitetsgrad er ei stor investering for den einskilde student og for samfunnet.

(Foto: Thor Brødreskift)

Men det minner oss også på det store ansvaret vi har som institusjon for å gi gode og relevante studieprogram.

For meg er utdanningsarbeidet ved fakultetet noko av det viktigaste vi held på med.

I perioden eg har vore dekan, har eg med glede sett store endringar i korleis vi arbeider med utdanning på fakultetet:

  • Vi har fått eit Senter for Fremragande Utdanning (SFU)
  • Vi har etablert nye integrerte studieprogram (siv.ing.)
  • Vi har fått meriteringsordning for våre undervisarar
  • Vi har etablert læringssenter i Realfagbygget
  • Undervisarane våre legg om undervisninga si til meir studentaktiv læring

For å nemne noko.

Desse endringane kjem fordi mange er opptekne av utdanning, og tek utdanningsoppdraget svært alvorlig. Men dei kjem også fordi dei politiske krava til utdanning er blitt tydeligare:

Samfunnet forventar at vi skal gi relevante utdanningar, og at vi utdannar kandidatar som kan bidra til økonomisk vekst og omstilling for samfunnet.

Samstundes er konkurransen om å rekruttere dei beste studentane blitt større. Med mindre ungdomskull og skjerpa krav til matematikk fordjuping (R2) for opptak til alle våre studieprogram, kjem den konkurransen til å hardne i åra framover.

Vi har eit tydelig samfunnsoppdrag om å gi god utdanning, og vi har heller ikkje råd til å la være å delta i konkurransen om å rekruttere dyktige studentar til Realfag@uib.

Sist veke fekk instituttleiargruppa presenterte forslag til korleis vi utviklar «generiske ferdigheiter» i studieprogramma ved fakultetet. Dette er ferdigheiter som ikkje er disiplinavhengige, og som vi meiner alle studentar skal ha tileigna seg gjennom eit studium.

Arbeidsgruppene som har arbeidd med dette har i rapportane sine sett på føljande seks tema:

  1. Programmering
  2. Grunnundervisning i matematikk og statistikk
  3. Ex.phil. som perspektivfag
  4. Praksisemne
  5. Innovasjonsemne
  6. Programdesign av bachelorprogram med vekt på generelle ferdigheiter og kompetansar

Arbeidsgruppene har gjort ein solid jobb, som har gitt oss gode forslag og eit godt grunnlag for å utvikle studieprogramma våre vidare. Arbeidet fekk skryt og gode tilbakemeldingar frå instituttleiargruppa.

Men det å få omsett forslag til praktiske tiltak, ser alle vil krevje innsats og ressursar både på institutt- og fakultetsnivå.

Slik eg ser det må dette bli høgt prioritert av institutt og fakultet framover.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *