Takk for meg, det har (stort sett) vært en glede å være dekan!

Etter åtte år som dekan har eg erfart mange oppturar og nedturar.

UiO-rektor Svein Stølen og eg – LHC/CERN 8.f ebruar 2018

Det ligg i sakens natur at motgang kjennes tyngre enn medgang. Men mesteparten av tida har det vore eit privilegium å kunne jobbe med dyktige kollegaer på tvers av ein stor og viktig samfunnsinstitusjon.

Skal eg gi ein status etter 12 år som visedekan og dekan, er eg stolt over å ha vore med på eit prosjekt som har gjort UiB og fakultetet til ein meir open institusjon.

Vi har ofte vore i forkant av nye krav til sektoren.

I mi dekantid har vi satsa på grunnforsking og å bygge sterke fagmiljø. Vi har endra måten vi utdannar på og starta nye studieprogram, og vi har endra måten måte vi er organisert på.

Samstundes meiner eg vi har halde på kjerneverdiane våre.

Det er greitt å kunne slå fast at det står nokså bra til med fakultetet.

Ei kort oppsummering av dei viktigaste sakene dei siste fire åra er gitt til fakultetsstyret i møtet 16. juni under ei sak som heiter «Strategisk arbeid i fakultetsstyret 2017-2021», – for den som er interessert.

Rektor Margareth Hagen og eg – LHC/CERN 8. februar 2018

Det er mange som brenn for fakultetet og UiB, og jobbar hardt for oss kvar dag.

Som dekan har eg gledd meg over alle som er villige til å strekke seg langt for at UiB skal lykkast å nå våre mål. Og alle veit at utan dyktige tilsette og studentar vil vi ikkje lykkast.

Det at vi greier å jobbe saman er nødvendig for at vi skal komme oss vidare.

Eg vil takke alle eg har jobba nært med i dekanat, fakultetsadministrasjonen og instituttleiingane, for godt samarbeide om felles mål gjennom heile mi tid i dekanatet.

Så er det berre å erkjenne at dette er kontinuerlig arbeid, og at det er mykje å ta fatt i framover:

Skal vi unngå å tape konkurransekraft må vi bli enno betre til å rekruttere både tilsette og studentar

  • Vi må sette oss større mål for forskinga vår
  • Vi lykkast med det store arealutviklingsprosjektet vårt

Og det vil bli med ny leiing.

Universitetsstyret vedtok den 17. juni å tilsette Gunn Mangerud som ny dekan ved Det matematisk-naturvitskaplige fakultet frå 1.august.

Jarl Giske, Gunn Mangerud og eg på besøk hos Hordalandsbenken på Stortinget, 7. mai 2019

Det er kjekt å kunne gratulerer Gunn med ein spennande jobb, og MatNat-fakultetet som får ein særs kompetent dekan.

Eg er sikker på at ny leiing vil ha sine prioriteringar, og er klare til å ta fatt på å gjere fakultetet enno betre og meir konkurransedyktig enn der vi er i dag!

Men før den tid er det sommarferie, og det er på tide å sette punktum for denne dekanen. August starter med ny fakultetsleiing og nytt rektorat. Det blir veldig bra!

Men før den tid vil eg ynskje alle ved fakultetet ein vel fortent ferie!

Og til slutt:

Takk til alle som har jobba for MatNat i min dekanperiode!

PS!

I universitetsstyremøtet 17. juni blei det også vedteke å tilsette Kikki Flesche Kleiven som ny direktør ved Bjerknessenteret. Gratulerer til Kikki som overtar etter Tore Furevik den 1. juli, og takk til Tore som har leia Bjerknessentert sidan 2014 på ein særs kompetent måte.

Institutt for informatikk får ny leiar: Lykke til i rektoratet og takk for innsatsen Pinar Heggernes! Hell og lukke til Inge Jonassen som tek over stafettpinnen.

Gratulerer med Den store formidlingsprisen – fakultetets eigen hederspris for god formidling i 2021, – Vigdis Vandvik!

Takk for meg og god sommer!
Delegasjonsreise Tokyo 25. mai 2015.
Delegasjonsreise Brasil 23. sept. 2016.
Rektorvalgkamp 12. april 2013. Jarl Giske og Dag Rune Olsen.

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *