Eit budsjett som satsar på utdanning

Onsdag 27. oktober blei forslaget til statsbudsjett for 2021 lagt fram for Stortinget. Budsjettet viser ei auking på 5,6 prosent til universitet- og høgskule sektoren i høve til 2020 budsjettet.

Ein skulle dermed tru at sektoren hadde lite grunn til å klage, men som vanlig syntes rektorane det var naudsynt å markere seg.

For UiB sin del er den nominelle veksten på 5,3 prosent med ein realvekst på 2,1 prosent justert for løns- og priskompensasjon (LPK).

Etter litt leiting i arkivet fann eg å ha kommentert på statsbudsjettet i 2017 og 2019.

Begge kommentarane er relevante for årets statsbudsjett, og viser at det er ei linje i regjeringa si satsing på forsking og høgare utdanning med forholdsvis høge ambisjonar.

Dette kan samanfattast med at:

Økonomien vår er føreseieleg, den er i vekst og vi skal bidra til omstilling og auka kompetanse, mellom anna ei tydelig satsing på meir IKT-forsking og utdanning.

Samstundes skal vi «effektiviserast», og ein er tydelig på at sektoren må bygge ned relativt store årlege overføringar av pengar.

Det blir også satsa stort på nybygging og arealutvikling i sektoren, men relativt lite ved UiB.

Her er nokre punkt å merke seg for 2021:

  • Grunntildelinga til UiB utanom BOA-økonomien er 3,947157 milliardar kroner (+5,3 prosent frå 2019).
  • Effektiviseringskutta blir vidareført med 0,5 prosent (totalt utgjer dette ein budsjettreduksjon ved UiB på 145,5 mill sidan 2015).
  • Frå 2022 blir det satt 5 prosent grense på overføringar utanom investeringar (i dag er dei ei grense på 3 prosent internt på UiB for fakulteta. Dersom overføringa er større må vi søke om å overføre midlar frå eit år til neste, men universitetsleiinga varslar at dei vil bli strengare med å innvilge overføringar ut over 3 prosent).
  • Gaveforsterkingsordninga er foreslått avvikla (dette vil ha stor betydning for mellom anna gaver frå Trond Mohn Stiftelse).

Med den store statlige pengebruken under korona-krisa hadde ein kanskje venta at vi hadde sett tydeligare innstrammingar i vår sektor.

Det vi ser er nok heller klassisk motkonjunkturpolitikk, kor utdanning blir nytta for å halde arbeidsløysetala nede.

Eg tviler heller ikkje på at statsbudsjetta dei siste åra reflekterer ein reell politisk vilje til å satse på forsking og utdanning for å utvikle og omstille samfunnet.

Så får vi sjå kva som skjer når samfunnet er tilbake til «normale» tilstander.

Ein stor del av aukinga i budsjetta våre kjem gjennom finansiering av nye studieplassar. Når søkinga til høgare utdanning går ned, må vi forventa at dette vil slå inn som reduksjon i framtidige budsjett.

Vi kan motverke det gjennom å rekruttere godt, og sørge for at studentane gjennomfører studia.

Mandag var det budsjettkonferanse med dekanar og direktørar ved UiB i forkant av Universitetsstyremøtet den 29. oktober, kor budsjettfordelinga for 2021 skal vedtakast.

Med budsjettmodellen UiB har valt, blir det ikkje eit krisebudsjett for MN-fakultetet, men heller ikkje eit budsjett som gir rom for store satsingar. Så kan det alltids skje endringar i Stortingsbehandlinga fram til endelig vedtak.

Nyttige lenker:

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.