Koronaåret 2020

2020 har vore krevande, men vi har mange gode ting å sjå tilbake på, og ikkje minst gode ting å sjå fram til. Dette biletet er frå studiestarten i haust.

For eitt år sidan var det ingen som tenkte at det skulle vere reglar for kor mange som kunne samlast rundt julemiddagen. Men det er realiteten når julehøgtida nærmar seg. I januar skreiv eg bloggteksten «Det viktigaste for fakultetet i 2020». Den bloggen nemnte ikkje det som er kåra til årets ord av språkrådet i år.

Vi hadde sett reportasjar frå byen Wuhan i Hubei-provinsen i Kina, men utbrotet av korona-epidemien var fjernt, og angjekk oss ikkje. Så feil går det altså an å ta.

Når vi nærmar oss jula 2020 kan vi trygt seie at koronaen har vore det aller, aller viktigaste for dei fleste av oss dette året. Heldigvis nærmar vaksinen seg med håp om normalisering i løpet av 2021.

Ei kort oppsummering av 2020 er at korona-epidemien har prega all aktivitet ved fakultetet. Etter 12. mars har undervisarar, studentar og tilsette  streva med ein annleis kvardag. Koronaen vil heilt sikkert få varig innverknad på korleis vi arbeider framover. Det blir fleire digitale møter og mindre reising, undervisningsmetodane er blitt endra, vi vil tenke nytt om måten vi organiserer arbeid og arbeidsplassen vår, – for å nemne noko av det viktigaste.

Men aller mest trur eg året har vist kor nødvendig den daglig fysiske kontakten på jobben er. Menneske er «sosiale dyr» – vi treng dei uformelle samtalane og idé-utvekslinga over kaffimaskina.  Vi treng det fysiske møtet med studentar og kollegaer. Den digitale verda kan aldri erstatte dette. Derfor gleder vi oss til å møtast fysisk på jobben igjen!

Men vi har ikkje berre vore prega av koronaen. Året 2020 har også gitt fakultetet mange positive opplevingar. Aldri tidlegare har vi hatt så høge søkartal, og aldri tidlegare har vi teke i mot så mange nye studentar! Vi har henta inn SFIar og andre prestisjefylte prosjekt. Vårt nye senter for framifrå utdanning (SFU), iEarth, starta i januar. Vi har arbeidd systematisk med søknader til nasjonale infrastrukturar, og det er utvikla 10 SFF-skisser som blei sendt inn i november. UiB har vedteke revidert masterplan for areal som vil få store positive konsekvensar for fakultetet det neste ti-året.

Rekordmange studentar byrja på fakultetet i august, men dei vart tekne mot i puljer, i tråd med smittervernsreglane.

Det er delt ut Undervisningspris og HMS-prisar. Ved UiB si juleavslutning 17.desember fekk fakultetet både Læringsmiljøpris og Arbeidsmiljøpris. Dette og mykje meir har vi fått til og lykkast med i løpet av eit svært spesielt år.

Koronaen har endra mange av planane våre. Ein av dei var at vi ikkje gjennomførte bachelor- og masterseremoniar fysisk i år. Dermed vart heller ikkje fakultetets formidlingspris delt ut i samband med dei. Det gleder meg derfor stort at vi denne veka delte ut fakultetet sin formidlingspris til direktør for Bjerknessenteret, Tore Furevik.

Tore Furevik (til høgre) fekk fakultetet sin Formidlingspris for 2020.

Tore har lenge vore ein synlig og dyktig formidlar på fleire arenaer. Klima er eit område kor mange har mykje dei vil ha sagt, men Tore står fram blant dei som gjer det med størst autoritet. Det er også kjekt å kunne dele ut denne velfortente prisen same år som Bjerknessenteret fyller 20 år og  er sikra vidare grunnfinansiering.

Gratulerer til Tore!

Året 2020 har vist oss at det er vanskelig å spå om framtida, og at vi lever usikre liv. Koronaen har vore krevjande for mange av oss. Derfor er eg imponert over kor godt det er blitt jobba ved fakultetet, at vi har bidrege til den nasjonale dugnaden, samstundes med at vi har løyst kjerneoppgåvene våre for utdanning og forsking.

Ei stor takk til alle ved fakultetet for den ekstraordinære innsatsen i dette spesielle året. Når vi no nærmar oss juleferien, vil eg på vegne av alle i fakultetsleiinga ynskje alle ved Det matematisk-naturvitskaplige fakultet ei riktig god jul og eit godt nyttår!

Kveldshimmel over Bergen, desember 2020. Foto Helge

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *